Kvifor LeaderSHIP?
LeaderSHIP-prosjektet er mogleg å gjennomføre sidan prosjektet har fått støtte gjennom EU sitt program Erasmus+.
Klikk HER for sak frå HK Dir (Direktoratet for Høgare utdanning og Kompetanse) der dei skriv om finansiering gjennom midlar frå Erasmus+
Sjå også film under om prosjektet MAFOSS er med på og kvifor dagleg leiar i MAFOSS meiner dette prosjektet kan vere nyttig for bransjen vår.
Bakgrunn:
MAFOSS er engasjert og aktiv i EU-programmet LeaderSHIP som er eit prosjekt finansiert gjennom Erasmus+ som er EU sitt område for utdanningsrelaterte aktivitetar. Prosjektet samlar nærare 20 partnarar frå 8 land som representerer skular, industri, eigarskap, akademia og maritime organisasjonar frå “halve” Europa. Vi håper prosjektet skal kome opp med gode program og kursopplegg for etter- og videreutdanning, samt på sikt virke inn på korleis fagplanar og utdanning relatert til vår industri skal riggast på tvers av Europa.
MAFOSS og vår gode samarbeidspart Møre og Romsdal fylkeskommune er partane som er aktivt med frå Norge i dette prosjektet.