leadership

MAFOSS er engasjert og aktiv i EU-programmet LeaderSHIP som er eit prosjekt finansiert gjennom Erasmus+ som er EU sitt område for utdanningsrelaterte aktivitetar. Prosjektet samlar nærare 20 partnarar frå 8 land som representerer skular, industri, eigarskap, akademia og organisasjonar frå “halve” Europa. Vi håper prosjektet skal kome opp med gode program og kursopplegg for etter- og videreutdanning, samt på sikt virke inn på korleis fagplanar og utdanning relatert til vår industri skal riggast på tvers av Europa.
MAFOSS og Møre og Romsdal fylkeskommune er partane som er aktivt med frå Norge i dette prosjektet.
Vi er inne i ei periode med mykje pilotering, og konkretisering av diverse kurs kjem ila komande skoleår. Ta kontakt med Jan Thormodsæter på jan@mafoss.no eller 924 67 700 om du vil høyre meir om prosjektet.

Sjå informasjonsfilm under og les meir på (betaversjon) av heimeside for prosjektet her.



Forrige
Forrige

Kvifor LeaderSHIP?

Neste
Neste

Årsmelding 2024