BLI MEDLEM I MAFOSS

MEDLEMSFORDELAR

  • Gjennom MAFOSS blir du og bedrifta di del av eit lokalt, verdsleiande nettverk av klyngebedrifter innan marin og maritim industri.

  • Fagutvala våre gir deg muligheit til å påverke både eigen kvardag og samarbeids- og konkurransevilkåra for ein heil bransje. Gjennom MAFOSS-utvala blir du invitert til å synleggjere viktige problemstillingar, kome med konstruktive innspel og bidra til å finne felles løysingar.

  • Med heile verdikjeda i ryggen har MAFOSS tyngda som skal til for å representere bransjen i politiske saker. Vi jobbar målretta inn mot offentleg byråkrati og politisk leiing for å få gjennomslag for saker som er viktige for deg, bedrifta di og ein heil bransje.

  • Du og bedrifta di vil også nyte godt av MAFOSS sitt godt etablerte nettverk av samarbeidspartar, organisasjonar, fagmiljø, politiske miljø og media for å få gjennomslag for viktige tiltak.

  • MAFOSS legg til rette for felles kursverksemd og vidareutdanning for tilsette i medlemsbedriftene innan til dømes leiing, verkstadfag og tekniske fag.

  • MAFOSS er ein del av ÅKP. Som medlem i MAFOSS vil du også nyte godt av tilboda frå ÅKP.

mEDLEMSVILKÅR

MAFOSS jobbar for det “blå” næringslivet i kommunane Volda, Ørsta, Herøy, Vanylven, Sande, Hareid og Ulstein. Bedrifter med tilknytning til havnæringane, direkte eller indirekte, kan bli medlem i MAFOSS. Søknader om medlemsskap vert avgjort av styret.

PRISAR

Medlemskap i MAFOSS er fordelt mellom ein medlemskontingent som er lik for alle, samt eit driftstilskot pr tilsett. Prisar pr år ser du under.

kalender

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.