OM MAFOSS

EIN Regional tilretteleggar

MAFOSS skal vere ein uavhengig regional tilretteleggar som skal samle, forsterke, synleggjere og utfordre den verdsleiande maritime og marine klynga som medlemsbedriftene på Søre Sunnmøre er ein del av. MAFOSS er ein del av ÅKP-nettverket - noko som gir gode synergiar for våre medlemmer.

Samarbeid og konkurranse

Vi trur at samarbeidet klynga har hatt utgjer noko av det sterkaste momentet vi har. Det gir betre konkurransekraft, det gir optimal ressursbruk, og det gir god trivsel på jobb. Å vite at ein er ein del av ein større samanheng er viktig, og vi trur at ein kjem lengre både som enkeltmenneske og bedrift når ein opplever dette.

I tillegg til å legge tilrette for godt samarbeid og utviklande konkurranse mellom medlemsbedriftene, har MAFOSS eit utstrekt samarbeid med lokale, regionale, nasjonale og internasjonale aktørar – både i enkeltsaker og på overordna nivå.

Industribyggaren Idar Ulstein sa ein gong at styrken til den maritime klynga på Sunnmøre mellom anna låg i at «Vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må». Dette er visjonen til MAFOSS også i dag.

Den maritime klynga på Sunnmøre har ei sterk historie, er alltid i endring og utvikling, leverer geniale produkt i verdsklasse, og er definitivt ein viktig del av det grøne skiftet.

Sidan 2020 har MAFOSS vore ein del av ÅKP-nettverket. ÅKP samlar aktørar i fleire bransjar, og bistår med hjelp til oppstart, utvikling, digitalisering og styrking av bedrifter. MAFOSS opplever gode synergiar av samarbeidet, og våre medlemsbedrifter kan nytte seg av tilboda frå ÅKP som ein del av medlemskapen i MAFOSS. Sjå oversikt over aktivitetane i Kalenderen vår.

Medlemsbedriftene

MAFOSS representerer heile breidda av verksemder innan den maritime og marine skipsbyggings- og leverandørindustrien på Søre Sunnmøre. Medlemsbedriftene utgjer soleis ei komplett verdikjede, frå idé og design, via utstyr og system, til bygging, samanstilling, testing og ferdigstilling.

Nedslagsfeltet vårt er kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid – også kalla «sjustjerna» i kommunale samanhengar. MAFOSS har i dag medlemmer frå alle desse kommunane.

satsingsområde

Behova i marknaden og måla til våre medlemsbedrifter er vår fremste drivar, og MAFOSS jobbar aktivt for saker som er forankra i strategiane til våre medlemmer:

  1. Sikring av kompetanse i vid forstand.

  2. Betring av samferdselstilbod via veg, luft og sjø.

  3. Politisk påverknad for å sikre gode rammevilkår for næringa.

  4. Samarbeid og konkurranse til det beste for næringa og enkeltbedriftene.

«Vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må».
– Idar Ulstein

Menneska i MAFOSS

  • Mafoss jobbar aktivt inn mot politiske miljø og sentrale organ for å få gjennomslag for saker som berører bransjen.

    Vi samarbeider tett med andre organisasjonar om tiltak som styrker innovasjon og utviklingsarbeid.

    MAFOSS legg også til rette for felles kursverksemd og vidareutdanning innan til dømes leiing, verkstadfag og tekniske fag.

    Er det saker eller problemstillingar du meiner MAFOSS bør ta tak i på vegner av medlemsbedriftene?

    Meld inn saker her, eller ta direkte kontakt med ein av oss!

  • Jan Thormodsæter, MAFOSS

    Jan Thormodsæter

    Dagleg leiar

    924 67 700
    jan@mafoss.no

  • Jannike Tuvik Skarbø

    Prosjektleiar for Makomp

    413 23 176
    jannike@mafoss.no

  • HANS JØRGEN FEDOG

    Styreleiar

    Telefon: 923 50 020
    E-post: hans.fedog@greenyard.no


Styre og utval

MAFOSS vart i 2020 formelt etablert som eit prosjekt i ÅKP, men har framleis eit eige styre og kontroll på eigen økonomi.

Vi har fleire utval og arbeidsgrupper, der medlemsbedriftene sender sine fagfolk. Utvala femner desse fagområda: Kompetanse, HR og personell, Logistikk og produksjon, Helse miljø og sikkerheit (HMS) og Forsking og utvikling (FoU). Utvala har fokus på fagområde dei jobbar med til dagleg i sine respektive bedrifter, og representantane deler informasjon og erfaringar frå arbeidet med utvalet dei er med i. Slik utviklar vi oss i lag som bransje på fleire felt.

 

VedtektER

Kven er MAFOSS til for, kva jobbar MAFOSS for, og kven kan bli medlem?
Last gjerne ned våre vedtekter i pdf-fila her for å lese meir om dette.
Vedtektene er gjenstand for stadig revisjon, men hovudessensen er slik den var då MAFOSS vart etablert i 1969.


Årsmeldingar

Årsmeldingane for MAFOSS kan du laste ned her.
Merk at frå 2021 vart det lagt opp til nettbaserte årsmeldingar.


SamarbeidspartNARar