FAGSAMLING 2025

Onsdag 15. oktober inviterte MAFOSS og seksjonen “Opplæring i bedrift” i Møre og Romsdal Fylkeskommune til fagsamling på Skaparhuset i Ulsteinvik.
Inviterte til samlinga var lærlingar, fagleg ansvarlege og HR-leiarar frå MAFOSS sine medlemsbedrifter.
Dei faglege innlegga vart presenterte av Fylkeskommunen sin rådgivar for bedriftene i MAFOSS; Målfrid Nesje.

DESSE BEDRIFTENE VAR REPRESENTERTE:

Ulstein, Green Yard Kleven, Kongsberg, Servi, Evotec, Furene, Myklebust verft, Larsnes Mek som alle har lærlingar, samt reisebyrået i Ulstein, AmEx GBT , som ser på muligheitene for å starte med lærling i si bedrift.

Tematikken for samlinga var delt i tre bolkar:

Bolk ein var om arbeidet rundt lærlingen og lærlingen sine plikter og rettigheiter. Her hadde vi også ein prat med to av lærlingane frå Ulstein group; Trine og Sigurd, som fortalte om kvifor dei valgte å bli lærling og kva dei ville utfordre «systemet» på. Gode innspel frå lærlingane til dei som legg til rette for dette i skule og bedrift.

Bolk to handla om lærebedrifta sine moglegheiter og ansvaret dei har for lærlingen og framdrift mot fagprøve. Herunder avtaler og arbeidsplaner og korleis ein best kan legge til rette for opplæringa i bedrifta og arbeidet fram mot fagprøva.

Bolk tre handla om apparatet rundt lærling og bedrift, der vi mellom anna snakka om lærlingombodet og rolla til ulike aktørar som er tilgjengelege for både lærling og bedrift.



Rundt 70 personar var med på fagsamlinga på Skaparhuset, der sosialt og fagleg gjekk hand i hand.

Gode pauser med høve til å bli kjent med nye folk, samt ein god lunsj til slutt la gode rammer for dagen, og responsen tilseier at dette blir gjentatt med neste lærlingkull neste år.

Sjå bilder frå samlinga under.

Alle foto: Anne Marthe Vestre Berge







Neste
Neste

Kvifor LeaderSHIP?