Vårhelsing frå MAFOSS

Gode medlemsbedrift!

Då er våren i gang med grøn bjørk og pollensesong i god driv. Både kjekt og ikkje så kjekt om ein er allergikar...

Ein aktiv bransje
Den maritime bransjen på søre luten har godt med oppdrag både innan tradisjonell offshore og offshore vind, nybygging, vedlikehald, retrofit og resirkulering. Det er faktisk så aktivt som det ikkje har vore på lenge, og det er svært bra. Enkelte av våre største medlemmer snakkar om «all time high» og det seier ein god del.
Det er også ein spanande bransje som mange andre internasjonale og nasjonale miljø vil besøke og lære av. MAFOSS hadde nyleg bedrifter frå den maritime klynga i Nord-Spania (Baskerland) på besøk, og i møter med fleire av dykk fekk dei verkeleg sjå og lære av kva vi gjer og samstundes utvide nettverk for moglege samarbeid vidare. Takk til alle som stilte opp i denne runda; Ulstein, Kongsberg, Evotec, Larsnes mek, Sebastian, Ulmatec, Green Yard og Dimo. Neste besøk blir truleg i haust, og då vil vi også utfordre medlemene våre til møter og presentasjonar.

Nye medlemer:
Vi ønsker to nye medlemsbedrifter velkomne til MAFOSS. Dette er Aqma AS og Storeide Mekaniske AS.
Desse bedriftene representerer unge folk med tru på bransjen. Ta godt i mot dei og ta gjerne kontakt for å finne felles mål og arbeid!
 
Kompetansetilgang og vegen framover
Rekruttering og sikring av kompetanse kjem tidleg opp som samtaleemne i møta eg har med bedriftene. Dette fortel meg at vi har utfordringar som i bunn og grunn er positive, men som likevel må løysast. Innan rekruttering og promotering av bransjen skjer det mykje godt arbeid frå fleire hald, men hovedinntrykket mitt er temmeleg klårt; vi vil ha fleire eigne tilsette i bedriftene og slik sett bli mindre avhengige av innleigd arbeidskraft.

Dette utfordrar oss på fleire områder:
* Samarbeide stadig meir og smartare om dei menneskelege ressursane.
* Finne dei beste løysingane på felles promotering av bransjen og muligheiter i bransjen.
* God dialog med skuleverket og politiske nivå om eksisterande og nye yrkesfag.
* Sikre gode og varige system for jamnt inntak av lærlingar.
* Utvida samarbeid rundt utanforskap og lågthengande frukt vi kan ha god nytte av.

MAFOSS si rolle
Dette  jobbar vi med i MAFOSS dagleg. Ikkje alt er like synleg, men å vere kontaktledd mellom bedrifter og fylket/ skulane, samt promotering av bransjen i vid forstand inn mot ulike aktørar og medspelarar er sentralt for det vi driv med og fortsatt skal drive med.

Styret i MAFOSS har vedteke enno meir satsing på arbeid med skular og informasjon for å sikre at nye generasjonar og skuleleiing veit kva bransjen vår kan tilby.

Dette arbeidet krev jamn innsats og dagleg merksemd, og takka vere ditt medlemskap i MAFOSS kan vi sørge for fokus og dialog med instansar som kan sikre oss god kompetanse, synligheit og framtidsfokus.

MAFOSS, både adm og styret, er på jobb for at vi framleis skal vere i tet, samarbeide godt men konkurrere når det trengs. 

God vår vidare!


Mvh Jan T.

Foto: Liisa Mänd

Forrige
Forrige

Ny U37-samling 26. mai

Neste
Neste

spring trainee