spring trainee

Tips frå MAFOSS:

Spring Trainee (via Ulstein Næringsforum) rekrutterer framtidas arbeidskraft til Søre Sunnmøre.

Frå omtalen om Spring Trainee:
Ønskjer di bedrift å drive langsiktig rekruttering?
Spring Trainee rekrutterer motiverte og framoverlente unge nyutdanna til Søre Sunnmøre sine aller mest spanande bedrifter. Målet er å styrke arbeidsmarknaden i regionen og sørgje for trivsel og varig busetting blant unge tilflyttarar. Derfor tilbyr ein eittårige traineeløp med fokus på fagleg påfyll, karriereutvikling og ikkje minst nettverk og sosialt samhald. Halvvegs i første kull ser ein stor verdi allereie, og bedriftene melder om god fagleg og sosial utvikling og traineeane stortrivast i stillingane.

Så langt har SPRING Traineer blitt kontakta av nærare 150 unge vaksne som ønskjer å starte ei karriere her på Søre Sunnmøre – kanskje nettopp i di bedrift!

Neste kull har oppstart i september 2025, men SPRING Traineer skreddarsyr traineeløp etter behov. Det er også mogleg å kople på eksisterande unge tilsette, dersom de har unge talent som ønskjer nettverk og fagleg utvikling.

Les meir her, og ta kontakt med koordinator Frida Voldnes for å diskutere moglegheitene for di bedrift 😊

Tlf:       468 54 236
E-post: frida@ulstein-nf.no


Forrige
Forrige

Vårhelsing frå MAFOSS

Neste
Neste

Kva er MAFOSS eigentleg?