Kompetanse for framtida
Oppturar og nedturar i ein syklisk bransje som den maritime næringa krev mykje arbeid og omstilling. Ei av utfordringane er tilgangen til kompetanse. Det handlar om å utvikle og verne om eksisterande kompetanse – og om å rekruttere den kompetansen vi treng i framtida.
Hausten 2021 gjennomførte difor MAFOSS, i samarbeid med Sparebanken Møre, eit forstudium for å kartlegge status og behov innan sentrale fagområde i den maritime næringa. I tillegg har vi samla kunnskap for å sjå på korleis ein betre kan arbeide med rekruttering og promotering av vår region framover.
Forstudiet viste mellom anna
- ein betydeleg vilje frå bedriftene til satsing 
- at behovet for fagfolk er stort 
- at satsing inn mot eit grønt skifte krev nye fagområde 
- at rekruttering til arbeid i regionen må gjerast smartare i framtida 
Vi ser at det er behov for å utvikle eit rammeverk og ein systematikk for korleis ein best mogleg kan rigge seg for å hindre tap av, og stagnasjon i, naudsynt kompetanse.
I januar 2022 gjekk kompetanseprosjektet vårt over i ein pilotperiode, der målet er å teste systematikken og konklusjonen frå forstudiet og finne ein berekraftig driftsmodell for det framtidige arbeidet.
Jnnike Tuvik Skarbø er vår prosjektleiar i pilotperioden. Jannike samarbeider tett med styringsgruppa som består av:
Gunvor Ulstein, Ulstein Group.
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda.
Inge-Jonny Hide, Myklebust verft.
Olav Haug Vikebakk, Hareid Group.
Jogeir Romestrand, Evotec/ Entec Group.
Arbeidet skjer i tett dialog med både NAV og LO/Fellesforbundet for å sikre transparens og gjensidig nytte og forståing av problemstillingane.
 
                        