Workshop om kompetanse

Emne: Kva for utdanningstilbod treng maritim bransje framover? Invitasjon til Workshop i Ulsteinvik 25. mars

Kven?
Maritim bransje møter skuleeigar.
Alle MAFOSS sine medlemsbedrifter er inviterte.

Her møter vi vidaregåande skular og skuleeigar (fylket), Fagskulen i Møre og Romsdal og NTNU i Ålesund.

Kva?
Denne dagen kan du kome med innspel til kva du forventer av utdanningstilbod som di bedrift og vi som næring vil trenge framover.

Dette er sjansen til å diskutere med andre om kva vi treng mest av framover, og korleis vi best kan rigge oss for å sikre fagtilgang og rekruttering i åra som kjem.

Kvar og når?
Quality Hotel Ulstein kl 09-12, inkl lunsj

Once in a lifetime?
Ikkje heilt, men denne unike sjansen til påverknad må du ikkje la gå frå deg. 
Her møter du alle nivå som har noko å seie for tilboda framover.
Send vidare internt til dei som du meiner bør ha noko å melde her. Gjerne fleire frå di bedrift om de vil det.

Pris?

GRATIS

Meld deg på i dag!

 
Neste
Neste

u37-Kurs: bruk av LinkedIn