HMS-dagen 2025

MAFOSS sin HMS-dag 2025 vart gjennomført på SUFH 18. nov med gode innlegg og diskusjonar.

Bente Lund Jacobsen frå ÅKP hadde saman med MAFOSS sitt HMS-utval satt saman programmet, og Bente losa og leia deltakarane gjennom heile dagen.

Marta Hauge frå AIDENCY informerte om 113-løysinga dei har under utprøving, og fleire av våre bedrifter er alt i gang med testinga av dette.

Nicole Salbuvik frå All Akva snakka om arbeid med internkontroll og erfaringar frå arbeid etter tilsyn, medan Johan Utby snakka om fokusområda til Arbeidstilsynet. Deling av erfaring frå MAFOSS-bedriftene var høgt på dagsorden, og Anne-Solgunn Sundnes frå Green Yard Kleven fortalte om refleksjonar etter ei dødsulykke dei hadde for nokre år sidan, medan Stig Moldskred frå Kongsberg Maritime fortalte om HOP-programmet til Norsk Industri. Det heile vart avrunda med plenumsrunde og deling av erfaringar med forslag til vidare arbeid, mellom anna relatert til sjukefråver og turnover.

Takk til alle deltakarar for engasjement ila dagen, og for viktig arbeid på den enkelte sin arbeidsplass!

Foto: Jan-Ove Sørensen og Bente Lund Jacobsen

 
Neste
Neste

U37 haustfest!