olympic Boreas best i klassen

Olympic Boreas, bygd hos MAFOSS-medlem Ulstein Verft, blei kåra til «Best CSOV» under Offshore Support & Maintenance Awards 2024.
Fartøyet blir av Baird Maritime, som står bak Offshore Support & Maintenance Awards 2024, beskrive som det mest moderne og allsidige CSOV-skipet på den globale marknaden for offshore fornybar energi. Ved å nytte eit framdriftssystem basert på diesel/hybrid-teknologi, nyttar fartøyet mindre drivstoff og har svært låge utslepp. Skipet var det første som vart levert med Ulstein Twin X-Stern. Konseptet inneber at det har Ulstein X-Stern i kvar ende og hovudpropellar framme og bak.
Skipet har Ulstein SX222-design og har ei lengd på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Fartøyet har kapasitet til 126 personar fordelt på 91 lugarar, alle med dagslys.
Vi gratulerer med prisen!

Les meir her og her.

Neste
Neste

INVESTORMATCH 2025