Prodtex - ein global snakkis

MAFOSS-medlem Prodtex har fått særs god respons på sine brukonsept - noko som opner enorme moglegheiter for bedrifta. Statens vegvesen har lenge sett til Prodtex på løysingar, og har no vore på nytt besøk for å sjå meir på korleis sjølve produksjonsteknikken med lasersveis er rigga.
Måten ein no kan bygge bru på kan få effekt langt ut over dei aktuelle nasjonale prosjekta, og internasjonale aktørar er alt merksame på korleis brukonsept kan løysast i framtida, seier ekspertar på feltet.
Vi gler oss over framgangen til Prodtex, som også nyleg fekk kontrakt på smartare løysing av trafikkhinder i regjeringskvartalet.

Les meir om SVV sitt besøk på Fiskåholmen i Vanylven i Vikebladet.

Forrige
Forrige

Kjempekontrakt til Ulstein

Neste
Neste

fin kontrakt til ulmatec