om MAKOMP

MAFOSS har i tett samarbeid med lokalt næringsliv utvikla eit nytt konsept for å møte bemanningsutfordringane i den maritime klynga lokalt. Konseptet er kalla MAKOMP og er utvikla i eit kompetanseprosjekt etter initiativ frå næringslivet sjølv, og med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre.

Ein viktig del av utfordringa handlar om variert tilgang på oppdrag og store variasjonar i bemanningsbehov, og både tilsette og bedriftene ønsker meir stabile og trygge arbeidsplassar. Ei løysing på dette kan vere å leige ut og inn personell mellom bedriftene ved behov.

MAKOMP vil vere ei felles plattform som med samkøyrde reglar legg til rette for dette, der bedrifter melder inn ledig kapasitet eller behov for å leige inn personell. På denne måten kan bedriftene enklare gjere slike avtalar seg i mellom.

Modellen vidareførast gjennom MAFOSS etter prosjektslutt.

Har de behov for inn- eller utleige ta kontakt med dagleg leiar Jan Thormodsæter på tlf 924 67 700 eller epost jan@mafoss.no

Prosjektleiar :

Jannike Tuvik Skarbø
413 23 176
jannike@mafoss.no

  • Arbeidskraft og kompetanse er dei viktigaste ressursane for bedriftene, og tilgang til god kompetanse er avgjerande for bedriftene si konkurransekraft og suksess. For bedriftene vil prosjektet bety auka evne til å møte svingingar i marknaden, styrka samarbeid med andre bedrifter og redusert risiko for permitteringar.

    Både tilsette, bedriftene og lokalsamfunnet nyt godt av samarbeid. Dess meir robust bedriftene er, dess meir robust er arbeidsmarknaden og dess tryggare er arbeidsplassane. Eit godt fungerande næringsliv har verknad for kjøpekrafta i lokalsamfunnet, kommunen sin økonomi, utvikling av lokal-samfunnet, barn og unge sine oppvekstvilkår og yrkesval- og moglegheiter for ungdom.

    Forarbeid:

    Med støtte frå Sparebanken Møre gjennomførte MAFOSS hausten 2021 eit forstudium for å kartlegge status og behov i bransjen innan sentrale fagområde. Erfaringane viste at det var behov for å kome opp med forslag til eit rammeverk og systematikk for korleis ein best mogleg kan rigge seg for å hindre tap av, og stagnasjon i, naudsynt kompetanse.

    Ein såg betydeleg vilje frå bedriftene til satsing, at behovet for fagfolk er stort, samt at satsing inn mot eit grønt skifte stiller nye krav til kompetanse og rekruttering. I 2022 fekk MAFOSS støtte frå Møre & Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre til å vidareføre prosjektet, mellom anna for å utvikle modellar for ei motkraft til dei bemanningsutfordringane svingingar i marknaden medfører. MAKOMP er eit produkt av dette og konseptet vert testa i eit pilotprosjekt frå hausten 2022.

  • Lars Lühr Olsen, Ulstein verft

    Kjersti Kleven, Prodtex/ Skaparhuset

    Jogeir Romestrand, Entec/ Evotec

    Målfrid Nesje, M&R Fylkeskommune

    Geir Sundal, Kongsberg

    Sverre Thorsø, Fellesforbundet

Nytt FRÅ MAKOMP

Ofte stilte spørsmål

 

For bedrifter

  • Svar: Bedrifter som ynskjer å delta i prosjektet kan kontakte MAFOSS v/prosjektleiar og inngå ein intensjonsavtale om samarbeid.

    Avtala legg til grunn ein solidaritet til prosjektet i den grad bedrifta gjer avtalar om leige av faste tilsette til/ frå andre bedrifter, men medfører ingen økonomiske bindingar eller forpliktingar til aktivitet.

    Ta kontakt for ein uforpliktande prat dersom du vil vite meir, kontaktinformasjon finn du øvst på sida.

  • Nei, prosjektet er åpent også for bedrifter som ikkje er medlem i MAFOSS. Det sentrale er at bedrifta har fagområder til felles med den maritime industrien.

For tilsette

  • Svar: Du har din faste jobb hjå din arbeidsgjevar som før og får løn frå din arbeidsgjevar som normalt. Ansiennitet, ferie, avtalte permisjonar mm vert ikkje påverka. Dersom du vel å ta del i prosjektet og står i fare for å verte permittert eller har lite arbeid i eiga bedrift, kan du i ei avgrensa periode få ein annan oppmøtestad. Men det er din arbeidsgjevar som vurderer om det er aktuelt å leige ut akkurat deg til ei anna bedrift. Du bidreg til å trygge arbeidsplassen din og får ei moglegheit til å utvikle kompetansen din. Du vil også utvide nettverket ditt og å få meir variasjon i din arbeidskvardag

  • Svar: Ja. Prosjektet er basert på frivilligheit og du kan reservere deg mot å bli utleigd. Dersom du står i fare for å verte permittert vil likevel NAV sin reglar gjelde, og du kan verte nøydd til å ta i mot eventuelle tilbod om anna arbeid.

  • Svar: Det vert registrert ein kompetanseprofil som inneheld opplysningar som stilling/fag, utdanning, sertifikat, kurs, arbeidserfaring, eventuell tilleggskompetanse og kva kommunar du kan pendle innan, samt kva i tidsrom du er tilgjengeleg. Det vert ikkje registrert namn. I staden vert din kompetanseprofil registrert med ditt tilsettnummer.

    Dette nummeret vert ikkje delt med nokon, men har den funksjonen at din arbeidsgjevar enkelt kan finne att kven du er i sitt eige system. Kompetanseprofilen din vert ikkje offentleg tilgjengeleg, berre kryssjekka mot kva kompetanse andre bedrifter etterspør. Om du vert utleigd er det din arbeidsgjevar som sender opplysningane om deg direkte til den andre bedrifta.

    Du kan lese meir om personvernrettane dine her

 
 

Deltakarbedrifter


Samarbeidspartar:

Logo Sparebanken Møre
Logo Møre og Romsdal fylkeskommune