Ny kontrakt for ulstein

Signerer på nytt med Nexans!

Vi gratulerer MAFOSS-medlem Ulstein Group med kontrakt på ny kabelleggar for Nexans.
Skipet, som er av ST-297 CLV-designet frå Skipsteknisk, er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert i 2021.

- Vi tildelte kontrakten på eit nytt fartøy til Ulstein etter ein omfattande anbodsprosess, der Ulstein si merittliste, som inkluderer leveringa av Nexans Aurora, var ein viktig faktor for at vi valte Ulstein Verft på nytt. Vi ser fram til å arbeide saman med Ulstein på dette nye og spennande prosjektet, seier Pascal Radue, EVP Generation & Transmission i Nexans.

- Ulstein er svært glade for at Nexans vel å kome tilbake til Ulstein Verft for bygginga av eit nytt kabelleggingsfartøy. Trass i utfordringane med Covid-pandemien leverte vi Nexans Aurora på tid i 2021, noko som stadfestar vår lange historikk med å levere skip til avtalt tid og kvalitet. Vi ser fram til å fortsette det tette samarbeidet med Nexans og er svært fornøgde med at Nexans på nytt viser Ulstein Verft tillit ved tildeling av denne kontrakten, seier konsernsjefen i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.

Det nye skipet er basert på Nexans Aurora-designet, utvikla av Skipsteknisk, som i dag spelar ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

Fartøyet er spesialdesigna for å utføre transport og legging av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse. Det kan arbeide effektivt også i krevjande vêrforhold, har eksepsjonell manøvreringsevne og evne til å halde seg på posisjon (dynamisk posisjonering). Ulstein Verft er ansvarleg for skipsbygginga og førebuing for installering av  kabelleggingsutstyret om bord.

Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive på dekk med stor kabelkapasitet på opp til 10 000 tonn kabel, ei svingskive under dekk med 3500 tonns kabelkapasitet og ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 meter breitt, 149,9 meter langt og er innreidd for 90 personar.


- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.


I over 120 år har Nexans spelt ei avgjerande rolle i elektrifiseringa. Konsernet er leiande innan design og produksjon av avanserte kabelsystem og tenester.

Alle foto: (c) Ulstein Group

Forrige
Forrige

Årsrapport 2023

Neste
Neste

Jubileum for Furene