RV15 framover

Positivt møte på Bismo 1. september der ein er enige om å fortsetje trykket inn mot sentralt politisk hald. Etter ein inspirerande konferanse i Loen før sommaren ser ein at arbeidet treng ekstra trykk no når ein frå politisk hald er meir avventande til å bruke pengar på samferdsel.
Ein ser også at straumtilhøve og tilførsel blir ekstra utfordrande, og at dette må løysast snarast råd. Utan betre straumløysing vil det bli svært utfordrande både med anleggsarbeid og drift.
Vegforumet er optimistar til vegen vidare, noko også respons og deltaking viser. I møtet på Bismo var alle tre arealkommunane og fleire omliggande kommuner representert med ordførarar, samt at dei tre fylkeskommunane også hadde sine representantar med. MAFOSS er representert ved dagleg leiar.

Skjermdump: Styremøte Vegforum RV15 1 sept 2022

Forrige
Forrige

Storsatsing for kompetanse

Neste
Neste

Kickoff for MAKOMP