Vegen austover for næringslivet på søre Sunnmøre og Nordfjord (Vestland) er ei utfordring – særleg vinterstid. Ny RV15 (Strynefjellet) er løysinga på dette.

Konsept B1 er alternativet som er valt av sentrale myndigheiter, og ein har sett av midlar til oppstart av planarbeidet i NTP (Nasjonal Transportplan) for inneverande periode.

Konseptet inneber at ein bygger ein 16 km ny tunell frå Skare til Breidalen, ein tunell som erstattar dagens tre eksisterande tunellar. Ein kjem då ut eit lite stykke forbi Breidalen, punktet der det er mest utsett vinterstid, og får også jamn stigning med standard breidd og høgd i tunellen. 

I konseptet ligg også inne at ein skal ha tunellarm til Geiranger. Dette vil sikre heilårsveg frå og til Geiranger, og vil vere avgjerande for sikkerheita til innbyggarane der. Ein ser også på om ny tunell til Geiranger kan bidra til å løyse ein del av straumutfordringane til verdsarvfjorden.

Kart: Statens vegvesen

Forrige
Forrige

Samarbeid på tvers