
TAF 2 / 2015 med film
Sidan det er få reklamefilmar for TAF-ordninga laga TAF 2/ 2015 like godt sin eigen film.
Når vi er på skulebesøk for å presentere ordninga nyttar vi no denne filmen for å vise meir frå TAFarane sin kvardag.
Som takk for fin film spanderte Mafoss kake på klassen.
Takk til klassen som let oss nytte filmen!
Tekniske og allmenne fag (TAF)
TAF-utdanninga har vore ei viktig utdanning for MAFOSS i alle åra den har eksistert. TAF gir ein optimal kombinasjon av fag og praksis - noko som kjem godt med som bakgrunn for den som til dømes går vidare på høgare utdanning som til dømes ingeniørfag.
Frå 2020 vart denne linja ved Ulstien VGS stoppa grunna prioriteringar frå økonomiansvarlege i Møre og Romsdal Fylkeskommune, som eig dei vidaregåande skulane. MAFOSS var sterkt i mot dette, særskilt etter at ein avdekte at økonomien til fylket var vesentleg betre ved nærare gjennomgang, noko som igjen viste at ein ikkje hadde trengt så drastiske tiltak som å stenge ned ei viktig linje.
Generelt om utdanninga:
Utdanninga er 4-årig, med ein kombinasjon av yrkesfag og fag frå allmennfagleg studieretning. Opplæringa har ein praktisk og ein teoretisk del, der praksis blir gitt i verksemder og teoriunder-visninga på skulen.
Etter endt 4-årig vidaregåande opplæring får elevane både yrkeskompetanse (fagbrev) og spesiell studiekompetanse, retta mot t.d. ingeniør-utdanning på teknisk høgskule
Mål
Dei generelle måla for denne utdanninga er bl.a. å
- Styrke rekrutteringa av ingeniørstudentar med yrkesfagleg kompetanse og praksis som grunnlag
- Heve statusen for mekaniske fag.
- Opprette tidleg kontakt mellom verksemdene og ressurssterke elevar frå nærmiljøet.
- Synleggjere moderne teknologifag og industri- arbeidsplassar for delar av ungdomskulla.
Dei konkrete måla er å gi elevane
- Yrkeskompetanse (fagbrev)
- Spesiell studiekompetanse (t.d. opptak til NTNU i Trondheim)
- Utdanninga imøtekjem ønsket om eit breiast mogleg grunnlag for vidare val av arbeid eller utdanning. Næringslivet har og stort behov for å rekruttere ingeniørar med høg kompetanse; med både praktisk og teoretisk bakgrunn
Generelt for TAF/ YSK:
Betaling til elevane/lærlingane:
I dei 3 første skuleåra er elevane 3 dagar pr. veke på skulen og utplasserte i verksemder 2 dagar pr. veke. Fjerde og siste år er det 2 dagar pr. veke på skulen og 3 dagar pr. veke i verksemder.
Ved utplassering dei 2 første åra, blir elevane følgde opp av lærarar frå skulen.
Elevane går inn i ordinære arbeidsordningar, også når det gjeld ferieavvikling:
Elevane må arbeide som lærlingar i 4 veker ved praksisverksemdene i sommarferien, slik at dei opp-fyller kravet om praksistid, og dermed får gå opp til fagbrev etter 4. året.
Opptakskrav:
Det blir kravd gode karakterar frå grunnkurs allmennfag.
Søknadsskjema:
Søkjarar skal bruke søknadsskjema for fellesinntaket(sendast inntakskontoret) og eit eige skjema som skal sendast skulen. Karakterane frå 1. termin ( til jul) skal påførast skjemaet som skal sendast skulen. Rådgjevar ved skulen stadfestar rett karakteravskrift.
Opptaksprosedyre:
På grunnlag av søknadene gjer skulen innstilling til opptak i første halvdel av mai.
Verksemdene vurderer skulen si innstilling og avgjer kven dei vil ha som elev/lærling i siste halvdel av mai
Inntakskontoret får namna frå skule/verksemd på dei som får tilbodet i første halvdel av juni.
Inntakskontoret sender ut melding til elevane om inntak - første halvdel av juli
Verksemdene skriv bindingsavtale med eleven ved skulestart, der eleven forpliktar seg til å gjere ein ekstra innsats for å kunne fylle krava til både fagbrev og studiekompetanse.
Verksemdene forpliktar seg til å teikne lærekontrakt med elevane etter VK I (2. året).
Etter gjennomgang av industrioverenskomsten er det gjort endringar frå 2018.
Dette betyr at TAF-elevar er tilbake på standard avtale med løn for den tida ein er i lære, altså i samband med at ein er på jobb og utfører arbeid i bedrift.