
Lærlingombod
Vi ber om at MAFOSS-medlemer med lærlingar vidareformidlar informasjon om elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal Fylkeskommune til sine lærlingar.
Elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden kan kontaktast både av lærlingen sjølv eller av deg med personalansvar. Tove Regine er ein god ressurs og er god på å skape tillit i dei situasjonane ho blir utfodra på. Vi anbefaler ein prat når du har spørsmål, også før det kjem "for langt" i ein fastlåst situasjon.
Typiske saker ombodet jobbar med:
Mobbesaker
Bistand ved diverse utfordringar rundt fullføring av læretida
Hjelp til handtering av fastlåste konflikter
Tips til lærlingane om korleis læretida blir best mogleg