mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Kvifor skal du velge fagopplæring?

Teknologien har endra menneska sine liv og historie, og forandrar stadig samfunnet si oppbygging og organisasjon. Vi omgir oss med teknologi heile dagen, og er avhengig av den i nær sagt alt vi foretar oss. Moderne samfunnsliv er utenkelig utan mekaniske fag. Heile vår industrielle sivilisasjon er bygt opp av fagfolk som stadig betrar vår kvardag. Teknologien i vår region er unik på mange måtar og vi har et stadig behov for dyktige lærlingar. Det er ungdomen som skal vidareføre teknologiutviklinga i vår industri!

Industrifaga har ofte vore sett i samanheng med slit, lav løn og begrensa høve til utvikling. Dette er ei myte. Med den tekniske utviklinga kjem også nye, spanande områder innan industrifaga. Store miljøendringar gjer også at faga svært spanande og utviklande. Mange av våre utdanna fagarbeidarar tek vidare utdanning på ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule.

Les meir her om teknikk og industriell produksjon og dei muligheitene du har!

Lykke til med ditt val!

 Du får utdanning med lønn. 

Du kan lett bygge på fagutdanninga til å få studiekompetanse.
Du får fleire val utdanningsmessig.
Du får dokumenterbar yrkeskompetanse.
Du får bruk for både teoretiske og praktiske ferdigheiter.
Fag- eller svennebrev er ei forsikring mot arbeidsledigheit.
Fagopplæring i arbeidslivet er ein spanande utdanningsveg.

tove_regine_stranden.jpg

Lærlingombod

Vi ber om at MAFOSS-medlemer med lærlingar vidareformidlar informasjon om elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal Fylkeskommune til sine lærlingar.

Elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden kan kontaktast både av lærlingen sjølv eller av deg med personalansvar. Tove Regine er ein god ressurs og er god på å skape tillit i dei situasjonane ho blir utfodra på. Vi anbefaler ein prat når du har spørsmål, også før det kjem "for langt" i ein fastlåst situasjon. 

Typiske saker ombodet jobbar med:
Mobbesaker
Bistand ved diverse utfordringar rundt fullføring av læretida
Hjelp til handtering av fastlåste konflikter
Tips til lærlingane om korleis læretida blir best mogleg

Les meir om ordninga på fylket sine sider her.

11nyhwindea2.jpg

Meir vind i segla?

Det byrjar å lysne for satsing på vindkraft og operasjonar rundt dette.
Det er høge forventningar til auka inntening på prosjekter innan dette segmentet i åra som kjem.

Les meir i Sunnmørsposten om saka.

ikubenkonferansen6-1-e1491646999274-1200x675.png

Digitalisering

Digitalisering i industriell praksis.
Sjekk ut detaljane rundt iKubenkonferansen 2017 her, og hald av datoen; 8. juni på Seilet i Molde.

rikke1.jpg

Verdens beste fagarbeider?

På bestilling frå GCE Blue Maritime og MAFOSS har Fredrik Linge Klock skrive masteroppgåve om behovet for fagarbeidarar i framtida. Kva skal til for at vi skal ha dei beste, kva er det bedriftene eigentleg ser etter, og treng vi eigentleg fagarbeidarar? Du kan lese ein kronikk rundt tematikken i Sunnmørsposten mandag 6. februar.

Last i tillegg gjerne ned oppgåva nederst i denne artikkelen.

Temasamling:
GCE Blue Maritime og MAFOSS legg opp til ei samling i Ulsteinvik rundt tematikken den 24. mars der oppgåva og resultata frå undersøkinga vert presentert. Detaljert program og informasjon om dagen kjem etter kvart, men hald av dagen.

verdens_beste_fagarbeider.pdf
l_rlingar.jpg

Lærlingeordninga

Kunnskapsløftet garanterer at all ungdom mellom 16 og 20 år skal ha rett til 3 år vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for at dette vert mogleg å gjennomføre.

Hovudmodellen for ei slik yrkesretta opplæring er 2 år i skule, deretter 2 år som lærling i bedrift.

Som lærling tek du ein del av utdanninga di på ein arbeidsplass; først teoretisk opplæring i skule, så praktisk opplæring i bedrift.

Å vere lærling er samstundes både opplæring og arbeid, derfor har ein rett på lærlingeløn.

Ei fagutdanning i arbeidslivet er eit godt fundament for mange interessante og godt betalte jobbar i næringsliv og kommunar. Ei fagutdanning kan og vere eit steg på vegen mot meir og høgare utdanning. Ein kan ta fleire fagbrev, teknisk fagskule eller med studiekompetanse også høgskuleutdanning

Næringslivet treng dyktige fagfolk, og med ei fagutdanning vil du vere ettertrakta på arbeidsmarkedet.

Les meir om lærlingeordninga her

Les meir om yrkesfaglege utdanningsprogram her

Utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon

Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig.Du bør både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er og viktig.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innanfor teknisk industri, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

 Noko for deg? Les meir her

Utdanningsprogram for elektrofag

Du som vel elektrofag, må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt.Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn.

Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehold av elektriske system.Det blir stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon.

Noko for deg? les meir her

Rettar og plikter som lærling

  • Som lærling skal du delta aktivt i både opplæringa og verdiskapinga i lærebedrifta.
  • Du har rett til å få den opplæringa læreplanen fastset, men du har samtidig plikt til å delta aktivt for å nå opplæringsmåla og til å delta i planlegginga og vurderinga av ditt eige læringsarbeid.
  • Du skal medverke til å skape eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhol.
  • Du må møte til den fag-/svenneprøva lærebedrifta melder deg opp i.
  • Læretida er fastsett i lærekontrakta di ut frå normal arbeidstid i faget.
  • Du er arbeidstakar i lærebedrifta med dei rettar og plikter som følgjer av lover og tariffavtale, mellom anna når det gjeld arbeidstid, ferie og fridagar.
Siste nytt
"TidPrat" i Ulsteinvik
Invitasjon til samling på Skaparhuset
20.10.21 08:03
Seminar med SANDS
Seminar med SANDS
Vi fortset med vårt gode samarbeid med Sands Advokatfirma og webinarserien
"Arbeidsforholdet fra A til O". Sett av morgonen 26. august til ei lærerik stund saman med oss.
Denne gang spør vi: "Driv du ulovleg innleige utan å vite om det?" Eit godt panel med folk både frå maritim næring og juridisk hald blir leia av programmoderator Elisabeth Solvang frå ÅKP.  Meld deg på her.
19.08.21 11:25
Open politisk debatt
Open politisk debatt
Kom og møt listetoppane i Møre og Romsdal til politisk debatt 24. august kl 1800 på Sjøborg i Ulsteinvik! 
Alle partia møter med sine listetoppar, og blir utfordra på kva dei vil gjere for næringane som er knytta til havet og mogleiheitene der.  Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein og NHO-leiar i Møre og Romsdal, Espen Remme, er med, og som publikum kan du stille spørsmål direkte til politikarane som vert grilla av debattleiar Arnfinn Ingjerd.
Rett etter arrangementet skal NRK Møre og Romsdal ha sending direkte frå Ulsteinvik med nyhende kl 1945. Arrangementet er gratis.

Vel møtt! Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Marknadsforum, Maritimt forum nordvest og MAFOSS.
12.08.21 14:47
Grøne løysingar på Ulstein
Grøne løysingar på Ulstein
ESVAGT og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
05.08.21 15:27
Takk til Oddvor!
Takk til Oddvor!
1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista!  Alt godt, Jan / MAFOSS
29.06.21 10:23
Endeleg flybuss!
Endeleg flybuss!
Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.
23.06.21 11:54
MAFOSS presenterer:
MAFOSS presenterer:
ROBINET AS / Ulsteinvik
14.06.21 14:14
Prosjektmedarbeidar
Prosjektmedarbeidar
Til prosjektet
«Kompetanseutvikling Sunnmøre» søker vi Prosjektmedarbeidar i 60% stilling MAFOSS (Maritim forening for søre Sunnmøre) vart etablert i 1969 for mellom anna å styrke den formelle kompetansen for skipsbyggarar. Opp under 40 medlemsbedrifter frå heile den maritime verdikjeda på Søre Sunnmøre held i dag MAFOSS engasjert i kompetanse- og kursarbeid, politisk arbeid for å styrke klynga sine rammevilkår, samt arbeid for å styrke infrastruktur gjennom samferdsel og gode løysingar til havs, på land og i lufta. Kompetanseutvikling Sunnmøre
Den maritime klynga er ei av dei største næringane i Møre og Romsdal, og har heile verda som marknadsplass for sine produkt. Endringane dei siste åra utfordrar oss på å sikre og vidareutvikle den unike kompetansen vi har slik at vi er godt rusta for oppturen som kjem.

For å samle kunnskap om kva vi har og kva vi treng, har vi etablert prosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre», der vi no søker etter ein prosjektmedarbeidar til første fase (forstudie) av prosjektet. Prosjektet ligg under MAFOSS, rapporterer til Dagleg leiar, og er leia av ei styringsgruppe samansett av toppleiarar frå næringa. Sentrale oppgåver i forstudiet:
- Avklare reelle kompetansebehova i bransjen ift kva type fagfolk ein vil trenge framover.
- Legge planar for korleis ein sikrar tilgang på grunnleggande kompetanse.
- Samarbeide med andre aktørar for å promotere vårt behov for diverse kompetanse.
- Analysere og kome med forslag til modellar for korleis formidling av eksisterande kompetanse kan gjerast smidigare og slik verte ein styrke for vår industri.
- Utarbeide prosjektplanar i nært samarbeid med styringsgruppe og leiar.
- Rapportere til styringsgruppe og leiar undervegs.
- Forstudiet vil også måtte finne utvida løysingar på finansiering, slik at ein legg eit godt grunnlag for hovudprosjektet.

Den vi ser etter:
- Du har utdanning på bachelor-nivå.
- Du har kunnskap frå personalbehandling, kompetansekartlegging og system rundt dette.
- Du har god kjennskap til bransjen, og har gjerne jobba i bransjen.
- Du set deg fort inn i nye styringsverktøy- og system.
- Du er ivrig på å søke løysingar.
- Du er sjølvgåande, strukturert og målbevisst.
- Du er sosial og god på formidling og sal.
- Du har gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:
- Utfordrande og sjølvstendig jobb med høve til utviding til full stilling i hovudprosjektet.
- Positivt og sosialt arbeidsmiljø.
- Meiningsfullt arbeid i ein bransje med framtidstru.
- Løn etter avtale. Søknadsfrist:
Snarast og seinast registrert innan 25. juni. Prosjektperiode:
Haust 2021- vinter 2022 for forstudiet/ forprosjektet, vinter 2022 til sommar 2023 for hovudprosjektet. Søknad vert å sende til:
MAFOSS, v/ Jan Thormodsæter
Stålhaugen 7, 6065 Ulsteinvik
post@mafoss.no

For spørsmål, kontakt:
Dagleg leiar i MAFOSS, Jan Thormodsæter. E-post: jan@mafoss.no eller tel 9246 7700.
Leiar i styringsgruppa, Gunvor Ulstein. E-post: gunvor.ulstein@ulstein.com eller tel 7000 8000.  
11.06.21 13:03
RV15 Stryn-Sjåk
RV15 Stryn-Sjåk
Transport- og kommunikasjonskomiteen har tatt med RV15 Strynefjellet med oppstartsmiddel i første del av planperioden for ny NTP. Behandlinga skjer i Stortinget mandag 14. og vi har stor tru på at dette blir landa då. 
09.06.21 11:02
Designkontrakt for Ulstein
Designkontrakt for Ulstein
Ulstein har inngått ein designavtale knytt til bygginga av eit ULSTEIN SX134-design ved Hanjin Heavy Industries & Construction Co., Ltd, Busan, Sør-Korea (Hanjin)  for Korea Institute of Geoscience and Mineral Resources (KIGAM).

MAFOSS gratulerer!
01.06.21 09:49

gå til arkiv

Open politisk debatt
Open politisk debatt
Kom og møt listetoppane i Møre og Romsdal til politisk debatt 24. august kl 1800 på Sjøborg i Ulsteinvik! 
Alle partia møter med sine listetoppar, og blir utfordra på kva dei vil gjere for næringane som er knytta til havet og mogleiheitene der.  Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein og NHO-leiar i Møre og Romsdal, Espen Remme, er med, og som publikum kan du stille spørsmål direkte til politikarane som vert grilla av debattleiar Arnfinn Ingjerd.
Rett etter arrangementet skal NRK Møre og Romsdal ha sending direkte frå Ulsteinvik med nyhende kl 1945. Arrangementet er gratis.

Vel møtt! Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Marknadsforum, Maritimt forum nordvest og MAFOSS.
12.08.21 14:47
Grøne løysingar på Ulstein
Grøne løysingar på Ulstein
ESVAGT og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
05.08.21 15:27
Takk til Oddvor!
Takk til Oddvor!
1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista!  Alt godt, Jan / MAFOSS
29.06.21 10:23
Endeleg flybuss!
Endeleg flybuss!
Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.
23.06.21 11:54

gå til arkiv