
3D-modellering
Kurs ved NTNU Ålesund for ansatte i medlemsbedrifter i MAFOSS eller ÅKP/GCE.
I samband med Kompetanseplanen til MAFOSS og GCE lanserer vi kurs i 3D-modellering ved NTNU i Ålesund. Kurset startar i slutten av mai og går 5 dagar. KUrsavgift kun 3500,- sidan prosjektetkostnadane i hovudsak er finansiert gjennom GCE-midlar. Les meir i vedlagte pdf.
Høgskulane i Møre og Romsdal er og skal vere sentrale samarbeidspartnarar for Maritim Forening
MAFOSS skal arbeide for ei framtidsretta kompetansebygging i medlemsbedriftene gjennom eigne tiltak, og i nært samarbeid med m.a høgskular, universitet og forskningsinstitusjonar.
Høgskulen i Molde vil frå 1.januar 2010 få status som vitenskapeleg høgskule, frå same dato blir institusjonenes navn "Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk". Høgskulen i Molde er landets leiande utdannings- og forskningsinstitusjon innan logistikk, med studiar frå eitt år til doktorgrad. Logistikkstudiane, kombinert med økonomi og it gjer at Høgskulen kan tilby ein unik kompetanse.
Vidare kan skulen tilby studiar innan anvendt informatikk og informasjonsbehandling, økonomi og administrasjon, samfunnsfag, jus, idrett, helse og sosialfag.
Høgskolen i Ålesund kan tilby eit breidt studitilbod innan teknologi- og ingeniørfag, der du kan lære å designe, konstruere og planlegge. For å gi studentane den best moglege utdanninga har Høgskulen i Ålesund saman med den maritime næringa i regionen lagt ned store resursar i oppbygging av ulike simulatorar. På ein simulator er det mogeleg å trene på grunnleggande navigasjon og avanserte operasjonar som ein berre sjeldan har høve til å gjere om bord på eit skip.
Vil du lære om korleis ein fører eit skip, eller om skipsoperasjonar og befraktning har skulen studiar innan maritime fag.
Vidare har skulen ei rekke andre utdanningstilbod innan helse-, biologiske-, økonomiske- og språkfag.
Høgskulen i Volda har i tillegg til eit variert og breidt studietilbod eit mål om å drive forskning og utviklingsarbeid, med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Høgskulen er som medeigar i Møreforskning saman om m.a VRI prosjektet, som skal fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.
Pt samarbeider MAFOSS også med høgskulen i Volda om kurs både i business engelsk og Leiarskap.