mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Samling om samferdsel
Samling om samferdsel
Mandag 20. januar samla MAFOSS dei større aktørane og kommunene på søre luten til møte med leiar for Transport - og kommunikasjonskomiteen på Stortinget; Helge Orten. Med på møtet var også leiar i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal; Kristin Sørheim.  MAFOSS meiner møtet var avklarande og tydeleg, og vi fyl spent med på korleis signala frå bransjane som var representerte blir tatt vidare politisk.  Les meir om samlinga her, her og her. Utgangspunktet for møtet var kronikk frå MAFOSS som var i media forrige veke. Den kan du lese her eller her. 
21.01.20 10:42
Terje takkar for seg
Terje takkar for seg
Etter snart 12 år i MAFOSS blir Terje Høybakk pensjonist 1 mars. Med litt ferie til gode vart det kake, takk og helsingar frå dei andre på kontoret. Styret og styreleiar Oddvar saunes takka Terje for innsatsen og ønska han lukke til som pensjonist. Terje kjenner nettverka i bransjen godt, og vil vere tilgjengeleg for enkeltprosjekt framover ved behov og ledig kapasitet.  Takk for innsatsen, og lukke til, Terje! 
17.01.20 16:28
MAFOSS meiner
MAFOSS meiner
Takstnivået på fergene er all time high. Når smell det? Sjå kronikk frå MAFOSS i vedlegget.
17.01.20 10:44
Er du trygg på nett?
Er du trygg på nett?
Tussa IKT arrangerer frukostkurs i sikkerheit 29. januar 2020.
Sjekk detaljane i linken under og meld deg på.
Er du sikker på at du har alt på stell?
Meld deg på likevel, og fortel andre om dine erfaringar! Påmelding her.
15.01.20 09:31
Kurs i prosjektleiing
Kurs i prosjektleiing
I samband med NTNU i Ålesund vert det sett opp kurs i prosjektleiing i vinter. Det er lagt opp til to samlingar for dette basiskurset: Første samling:
11.-12. februar
Andre Samling:
3. - 5. mars Sjå vedlegg for informasjon, og meld deg på kurset ved å sende mail til maritime@ocean-training.no  (Merk at linken med e-postadresse i brosjyra er feil.)
06.01.20 08:34
Meir
Siste nytt

Busstilbod på søre luten
Busstilbod på søre luten
MAFOSS-medlem West Auto AS har lang fartstid for verksemdene på søre luten. Dei tilbyr no gunstige bussleigeavtalar for våre medlemmer frå mindre til store grupper på til dømes transport til og frå flyplassane.  
Ta direkte kontakt med WestAuto/ WestCoat for meir informasjon og pristilbod.
03.01.20 11:37
Flybuss VIGRA frå 2020
Flybuss VIGRA frå 2020
Ny aktør med MAFOSS-prisar! Nytt flybusstilbod med spesialpris mellom Vigra – Valderøy hurtigbåtkai. Med oppstart 01.01.20 vert det slutt på gjennomgåande billettering til/frå Hareid til Vigra med båt og flybuss. Dette er bestemt av samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, noko MAFOSS stiller seg undrande til. Ein må frå nyttår difor kjøpe billett på båt mellom Hareid og Valderøy og ny billett med buss til og frå Ålesund lufthavn.
Ny og spanande aktør
Ein ny aktør på busstransporten blir Ålesund Turvogn Service AS, som har rutenummer FB61 i begge retningar. Ruteprogrammet er i oppstarten om lag tilsvarande gjeldande rutetilbod frå Fram.

Spesialpris
MAFOSS har gjennom avtale med operatør fått avtale om oppstartpris på bussbillett på 60,- for vaksne, og 30,- for barn/honnør. NB! Dette er ein introduksjonspris, og for å behalde prisen er ein  avhengig av at flest mogleg nytter tilbodet. Billettkjøp før reisa
Billett kan du kjøpe før du reiser - med VIPPS.
Søk opp kode «FB1», og kjøp så mange billettar du har behov for på den strekninga du skal reise.
Alternativ er VIPPS-nummer 587714. NB! Dette gjer du same dag som du skal reise. Forsinka siste fly til Vigra – ekstra busstilbod
Når fly som er oppsett til å lande før klokka 23.00 er forsinka vil det bli satt opp buss til fergekaia på Sulesund. Pris per voksen er då 160,- og 80,- for barn/ honnør. MAFOSS og Ålesund Turvogn Service AS vil også sjå på om det kan vere behov for buss laurdag og søndag morgon frå Sulesund til dei tidlege flyavgangane. Dette kjem MAFOSS tilbake til med spørjeundersøking til sine medlemmer.

Oversikt over oppdaterte ruter finn du på www.entur.no og www.turvogna.no. Vi ønsker god jul! For kontakt og spørsmål: Arild Røder, Ålesund Turvogn Service AS, tel 92 22 42 92 Jan Thormodsæter, MAFOSS, 924 67 700
23.12.19 13:45
MAFOSS meiner
MAFOSS meiner
TAF-linja ved Ulstein vgs er vedtatt nedlagt -kva blir konsekvensane? 
AutoPassFerje er vedtatt innført - noko som fordyrer alt i vår region.  I dag er vi skuffa over vedtaka som er gjort på fylkestinget i Møre og Romsdal.

Vi hadde i det lengste trudd at ein både ville samlast om å bevare det ein har av utdanningstilbod som den verdiskapande industrien verkeleg treng, og at ein ikkje ville gjere konkurransesituasjonen enno verre ved å fordyre reise -og transportutgiftene vi har. Vedtaket er skuffande av mange grunnar, og vi er svært spente på kva konsekvensar dette får på lang sikt. Tilgangen på kompetente medarbeidarar i alle ledd er stadig utfordra, og våre politikarar gjer det ikkje lett ved å gjere slike vedtak. Vi stiller spørsmål med om grunnlaga for desse vurderingane er kvalitetssikra godt nok, og vi lurer på kva logikken bak enkelte vedtak, til dømes TAF-avviklinga på søre, er basert på. I dag er vi skuffa, men vi har alt bretta opp ermane for omkamp. Ikkje ring oss, vi ringer deg... MAFOSS, JT, 10. des 2019
10.12.19 16:18
TAF-linja truga
TAF-linja truga
I behandlinga av budsjett for Møre og Romsdal Fylkeskommune er TAF-linja på søre luten trua med nedlegging. MAFOSS og Maritimt Forum Nordvest reagerer med felles front mot dette. Les meir i saka under og sjå link frå NRK nyhende her.
06.12.19 10:20
I dag er MAFOSS 50 år.
I dag er MAFOSS 50 år.
Den 21. november 1069 var første samling for det som då vart "Verkstedforeininga i Ulstein distrikt". 50 år seinare viser historia at det som vart omdøypt til Maritim Foreining for Søre Sunnmøre" på 80-.talet framleis er liv laga. 
Komande helg vert det seminar og markering for å minnast historia og for å sjå kor vegen går dei neste 50.  Vi gler oss, og vi skal gjere alt for at MAFOSS skal tene medlemsbedriftene optimalt også i framtida!
21.11.19 18:37

gå til arkiv

gå til arkiv