mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

online-4727942_1920.jpg

WEBINAR: Pilot-E innspillsmøte

23. april kan du bli med på webinar i regi av Forskingsrådetm, ENOVA og Innovasjon Norge.

Følg gjerne dette webinaret som tar for seg Utslippsfri maritim transport og Klimanøytral Industri.

Sjekk lenke for program og påmelding via ÅKP sine sider her.

Siste nytt
Årsmelding 2019 til 2020
Årsmelding 2019 til 2020
27.05.20 13:56
Årsmøte i MAFOSS
Årsmøte i MAFOSS
Mandag 25. mai vart det halde årsmøte i MAFOSS. Grunna situasjonen med Corona vart dette halde som eit TEAMS-møte. Av sentrale saker var endring av MAFOSS sine vedtekter ift utviding til også å gjelde marin verksemd, og sak om at ein går inn i eit formalisert samarbeid med ÅKP dei viktigaste.Utvida satsing:
-Endring av vedtektene var naudsynt for å kunne tilby medlemskap også til selskap som driv innan marin verksemd, anten med sjømat i vid forstand, eller produkt som er sentrale i næringa, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS. -Mange av våre eksisterande medlemmer leverer utstyr og tenester til marin næring, så også av den grunn er det naturleg å utvide, seier han. Samarbeid med ÅKP:
I årsmøtet vart også vedtatt å inngå eit meir formelt samarbeid med ÅKP, noko medlemsbedriftene har etterlyst og som no blir gjennomført.
-MAFOSS blir etablert som eit prosjekt i ÅKP, men kjem framleis til å ha eige styre og kontroll på eigen økonomi. Det geografiske nedslagsfeltet blir også det same, seier styreleiar Oddvar Saunes.
-Vi er glade for å ha blitt tatt godt i mot i ÅKP-familien. Vedtaksendring og samarbeidet med ÅKP vart samrøystes vedtatt av årsmøtet. Nytt styre:
Det nye styret valt på årsmøtet er MAFOSS 25. mai er:
Oddvar Saunes (leiar), Bjørklund holding. Vara: Jan Tore Leikanger, JETS.
Margrete Heltne Hovde (nestleiar), TUSSA 24. Vara: Joar Sundgot, SERVI.
Geir Sundal, Kongsberg CM. Vara: Tommy Fredriksen, Kongsberg CM.
Mads-Andre Værnes, Kleven. Vara: Magne Gurskevik, Kleven.
Per Erik Dalen, ÅKP. Vara: Oddbjørn Hatløy, ÅKP. -Vi ser fram til å ta tak i utfordringane saman med nye styremedlemer, og takkar dei avtroppande styremedlemene for innsatsen i perioden fram til årsmøtet. Det har vore nokre spanande år, og innsatsen til det avtroppande styret har vore svært viktig for oss som held i dette til dagleg, seier Jan Thormodsæter. Dei som gjekk ut av styret no er:
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda.
Ann-Magritt Ringstad, Ulstein
Guri Sætre, Island Offshore   Utvala – livsnerven i MAFOSS:
MAFOSS har per dags dato fem fagutval som består av fag-representantar frå Medlemsbedriftene. Desse jobbar med kompetanse, HR/ personalspørsmål, logistikk og produksjon, HMS, og Forsking / innovasjon/ utvikling. -Fagutvala er sjølve kjerna i mykje av vårt arbeid, seier Thormodsæter. -Her samlast fagfolk til erfaringsdeling og felles prosjekt, noko ein har hatt god nytte av i både oppgangs- og nedgangstider. No riggar vi oss for ytterligare styrking av utvala, og ser fram til gode fellesprosjekt i tida framover.  
27.05.20 13:50
Fleire gratis kurstilbod
Fleire gratis kurstilbod
Delingsdugnaden: Sjekk link om delingsdugnaden på NHO sine sider her.
13.05.20 08:48
Nytt webinar
Nytt webinar
Saman med vår samarbeidspartnar SANDS inviterer MAFOSS og ÅKP til gratis webinar for våre medlemer.
Webinaret vert arrangert onsdag 20. mai frå kl. 10.00 til kl. 10.45. Tema for dette webinaret er Arbeidsgjevar si styringsrett.   Mange arbeidsgjevarar har permittert, omorganisert, og innført heimekontor eller andre tiltak for å handsame dei direkte følgene av koronasituasjonen. Slike tiltak er utslag av arbeidsgjevars rett og plikt til å styre og lede verksemda. Korleis kan arbeidsgjevar også framover nytte seg av styringsretten som verkemiddel for å tilpasse verksemda til endra behov? Kan medarbeidarar krevje å halde fram med heimekontor? Kva moglegheiter har arbeidsgjevar for å endre arbeidstidsordning for dei tilsette? Kva med ferieavvikling og endring av lønn og andre gode? Og korleis kan styringsretten nyttast ved ei eventuell nedbemanning? Etter ei kort innleiing opnast det for live Q&A. Spørsmål og problemstillingar kan om ønskeleg sendast inn på førehand til maria.elena.kvalen@sands.no og vil då bli handsama anonymt. Meld deg på webinaret under innan tysdag 19. mai kl. 16.00. Påmelde deltakarar får tilsendt ei lenke til webinaret før oppstart.   Les meir og meld deg på her.
12.05.20 10:42
Gode tal frå Myklebust
Gode tal frå Myklebust
Myklebust verft med gode tal for 2019.
Dette er det godt og inspirerande å sjå i utfordrande tider.  Vi gratulerer! Les meir her.
22.04.20 14:18
WEBINAR: Pilot-E innspillsmøte
WEBINAR: Pilot-E innspillsmøte
23. april kan du bli med på webinar i regi av Forskingsrådetm, ENOVA og Innovasjon Norge. Følg gjerne dette webinaret som tar for seg Utslippsfri maritim transport og Klimanøytral Industri.

Sjekk lenke for program og påmelding via ÅKP sine sider her.
15.04.20 10:21
Arbeidarar i karantene?
Arbeidarar i karantene?
Du har rett på sjukepengar for dine ansatte som du har i karantene.
I flg NAV gjeld dette også buande innleigd arbeidskraft. Sjekk meir i lenka her.
08.04.20 12:35
Kontrakt og Korona 2.0
Kontrakt og Korona 2.0
NB! Webinaret er flytta til rett over påske. På grunn av at mange avviklar ferie denne veka utset vi vårt planlagde webinar til like over påske slik at så mange som mogleg kan få dette med seg.  Nytt tidspunkt er onsdag 15. april frå kl 1000 til 1045.  Tema for webinaret er «Statens økonomiske redningspakker» v/ Marit E. Kirkhusmo og «Inngåelse og oppfølging av leverandørkontrakter under koronakrisen» v/ Lars B. Andersen.  Påmelding her innen tirsdag 14. april kl 1600. Litt informasjon om foredragshaldarane:  Marit E. Kirkhusmo er advokat og partnar i SANDS og har 20 års erfaring innanfor områda shipping, offshore og finansiering. Ho er anerkjent både nasjonalt og internasjonalt for sin kompetanse og bistår med eit bredt spekter av saker innanfor desse områda, til dømes transaksjonar som kjøp og sal, "sale leasebacks" og bygging av skip, finansiering, restrukturering og M&A, samt generell rådgjeving og tvisteløysing.
Marit har frå tidlegare også mange års kommersiell erfaring frå konsernleiing i rederiverksemd og styreerfaring frå offentlege og private verksemder. Lars Berge Andersen er advokat og partnar i SANDS og leier avdelinga for Energi, Shipping & Offshore. Han er rangert som Noregs fremste advokat innan offshore og oljeservice og er ein av Noregs to mest internasjonale advokatar.
Berge Andersen har lang og omfattande erfaring frå rådgiving retta mot nasjonal og internasjonal olje, offshore og shippingverksemd samt nasjonale og internasjonale handels- og industriforetak. Han har også tung og operasjonell leiarerfaring frå både oppgangs- og nedgangstider gjennom rollene som VP & Head of Legal i Aker Solutions ASA og Chief Administrative Officer & General Counsel i MHWirth (Aker Group). MAFOSS, ÅKP og våre venner i SANDS ønsker god påske og velkomen tilbake til webinar onsdag 15. april.
 
Påmelding her. Det vil for øvrig bli høve til reprise av Oddbjørn Slinning og Aksel Hageler sitt innlegg frå første Webinar i denne serien for dei som ønsker dette. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om tidspunkt og påmelding.
02.04.20 15:27
Ekstra kompetansebehov?
Ekstra kompetansebehov?
ÅKP og MAFOSS set i gang ekstra tiltak for å bidra til kompetanseheving.
Tiltaka blir sett i gang snarast råd, etter at ein får inn behova frå næringa vi representerer. Meld dine og bedrifta sine behov inn til oss, så blir tiltak vurdert løpande. Link til info og skjema finn du her.
31.03.20 15:11
Verdoversikt Corona
Verdoversikt Corona
Her finn du link til status i verda pr no. Oppdatert fleire gonger i timen.
25.03.20 13:00

gå til arkiv