mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

hege_karete_hamre_jts_m_lfrid_nesje.jpg

Storsatsing for kompetanse

Sparebanken Møre og Fylkeskommunen inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.

Grønt skifte
Den maritime næringa er godt i gong med det grøne skiftet og arbeidet med å byggje framtidas skip med teknologi som svarar til nye krav til utslepp og energibruk. Denne omstillinga vil stille nye krav til kompetanse framover.

Forstudium
Med støtte frå Sparebanken Møre gjennomførte MAFOSS hausten 2021 eit forstudie for å kartleggje status og behov i bransjen innan sentrale fagområde. Initiativet til prosjektet kom frå næringslivet sjølv og er godt forankra hjå medlemsbedriftene i MAFOSS.

-No er vi i gong med hovudprosjektet som skal jobbe vidare med dette grunnlaget, og vi vil utarbeide ein modell for korleis vi kan sikre og utvikle den kompetansen som alt finns i klynga, seier prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø.

-I tillegg har vi fokus på korleis vi betre kan arbeide med rekruttering og promotering av regionen vår framover. Vi treng tettare samarbeid mellom bedriftene, nye møteplassar mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, og vi treng å få formidla ut alle dei moglegheitene som finns i regionen vår, seier Skarbø vidare.

Med i prosjektet er Sparebanken Møre og fylkeskommunen som samarbeidspartar og sponsorar.

Bulyst og utvikling i regionen
-For banken er dette eit heilt rett prosjekt å støtte, seier Hege Karete Hamre, banksjef næringsliv Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre.
- Dette går godt inn i våre overordna planar og ambisjonar for å bygge ein sterk region. Vi tenker at dette djupast sett handlar om bulyst og utvikling av industri og næringsliv i regionen – noko som er viktig å promotere også ovanfor neste generasjon. Banken vart i tidleg fase med å støtta forprosjektet. Etter grundig og godt samarbeid mellom pådrivarane er det gledeleg at Fylkeskommunen også ser verdien og viktigeita av denne type lokale initiativ med regional relevans og støttar det vidare arbeidet i lag med oss. Vi ser fram til å følgje utviklinga av dette prosjektet og er glade for invitasjonen til å delta, seier Hamre.

Langsiktige utviklingsmål i Møre og Romsdal
Kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal og MAFOSS har over lang tid hatt eit godt samarbeid, også i dette prosjektet.

-Møre og Romsdal Fylkeskommune ser på dette med stor interesse sidan vi har utvikling av utdanningstilbod i fylket høgt på vår agenda, og prosjektet passar godt inn i Fylkeskommunen sine langsiktige utviklingsmål, seier Målfrid Nesje, Rådgivar i Kompetanse- og Næringsavdelinga i Fylket.

-Saman trur eg at vi kjem til å få god nytte av erfaringane ein gjer seg gjennom prosjektet, og eg tenker at det finst gode overføringsverdiar til andre samanhengar. Vi set difor pris på initiativet og invitasjonen til å vere partnar i dette seier Nesje.

Dialog med kommunane på søre
-Vi har dessutan vore i dialog med alle kommunane på søre, også her har prosjektet vorte godt mottatt. Vi er svært glade for å møte brei forståing og einigheit om at dette er eit tiltak regionen vår treng, og for å møte så stor vilje til samarbeid, seier prosjektleiaren til slutt.

 

Siste nytt
ESG og openheitslov
ESG og openheitslov
MAFOSS inviterer til frukostseminar 24. mai.
Sjekk program for seminar som mellom annatek opp ESG og openheitslov.
Topp fagfolk frå SANDS fortel om erfaringar og utfordringar, og det vert gode høve til dialog rundt tematikk. Sjå program i vedlegg her og meld deg på i dag.
04.05.22 12:34
Russland og handel
Russland og handel
Kva skjer med våre avtaler med selskap i Russland framover? Er det straffbart? Kor går eigentleg grensene for handel? Kva tenker andre i bransjen?

Mange opplever usikkerheit rundt eigne avtaler, sidan dei ofte fell lit utanfor det opplagte sanksjonsregimet som er lagt opp. Nokre opplever dette alt no, og andre ser at det kan bli utfordringar knytt til framtidig handel.

Fredag 1. april kl 12 til 14 får du oppdatering frå Espen Remme frå NHO på saker som går på handel med Russland, og du kan stille spørsmål rundt saker som berører di bedrift.

Vi serverer enkel lunsj og kaffi. Vi treng å vite kor mange som kjem, så meld deg på i dag via post@mafoss.no
28.03.22 10:25
Ekstreme utgifter
Ekstreme utgifter
Det blir store utfordringar framover når drivstoffprisane no skyt fart. MAFOSS meiner dette kan by på ein kjempesmell om ein ikkje får sett på avgiftspolitikken rundt drivstoff snarast. Vi har snakka med nokre av dei store transportørane og bekymringa er stor. Les meir om utfordringane dette gir i sak frå Sunnmørsposten her.

16.03.22 08:51
Siste om Ukraina
Siste om Ukraina
Her finn du reiseråd og diverse oppdatert informasjon om situasjonen i Ukraina.

02.03.22 08:54
NHO om Ukraina
NHO om Ukraina
Sjekk dagens webinar frå NHO om situasjonen i Ukraina her.
01.03.22 16:33
Myklebust leverer
Myklebust leverer
Vi gratulerer MAFOSS-medlem Myklebust verft med overlevering av den fjerde av totalt seks planlagde brønnbåtar til Sølvtrans. Sjå artikkel i Vestlandsnytt her.
24.02.22 12:46
Prodtex med nytt samarbeid
Prodtex med nytt samarbeid
ICT bestiller spesialkompetanse frå MAFOSS-medlem Prodtex for å produsert ein ny type tank. Vi gratulerer med spanande konsept og avtale! Les meir på nett.no
24.02.22 10:12
Storsatsing for kompetanse
Storsatsing for kompetanse
Sparebanken Møre og Fylkeskommunen inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.
18.02.22 10:59
TechJam for Tenåringen!
TechJam for Tenåringen!
Har du tech-interesserte tenåringar i hus uten planar for ferien?
I Vinterferien inviterer vi til TechJam på Skaparhuset tirsdag 22. til torsdag 24. Sjekk program her og meld på framtidas tech-arbeidar i dag! :)
18.02.22 10:29
Storkontrakt til ABB
Storkontrakt til ABB
Vi gratulerer MAFOSS-medlem ABB med fin kontrakt for Eneti.
Arbeidet skal utførast mellom anna i Ulsteinvik og på Forebu og omfattar mellom anna kontrollsystem og framdrift.

Du kan lese meir om dette i artikkelen i Nett.no.
08.02.22 15:11

gå til arkiv

gå til arkiv