Skriv ut
svein_sunde.jpg

RV15 Stryn-Sjåk

Transport- og kommunikasjonskomiteen har tatt med RV15 Strynefjellet med oppstartsmiddel i første del av planperioden for ny NTP. Behandlinga skjer i Stortinget mandag 14. og vi har stor tru på at dette blir landa då. 

Takk til alle involverte som har jobba med dette!

For Sunnmøre sin del har det vore merksemd rundt dette både frå ulike næringslag og politisk hald i mange år. Sist år er Nettverk for Samferdsel, Sunnmøre etablert, med alle næringslaga på søre Sunnmøre, Næringsforeninga for Ålesundsregionen, Maritimt Forum Nordvest, Gode Vegar og MAFOSS, også blitt engasjert i dette prosjektet. 

Vi vil i dag spesielt takke Svein Sunde i Gode vegar for innsatsen gjennom mange år. Svein jobba i si tid hardt for å få rett trase for Eiksundsambandet, vart seinare styreleiar i Kvivsvegen (og landa dette utan bompengar) og har no gjennom sitt virke som leiar i Gode Vegar fått samla krefter frå aust og vest til å stå på for dette. At ein no har fått gjennomslag er faktisk ikkje tilfeldig - det krevst hardt arbeid og påverknad over mange år.
MAFOSS har bidrege aktivt sidan ein hadde kickstart på arbeidet med Rv15 den 31. mars 2011, og tidlegare dagleg leiar Terje Høybakk var sentral i dette arbeidet heilt til han vart pensjonist.

I dag gler vi oss over betre løysingar aust-vest, og tre fylker får betre kommunikasjon og sikrare transport av både folk og gods med denne løysinga. 

Les meir i Vikebladet.