
Russland og handel
Kva skjer med våre avtaler med selskap i Russland framover? Er det straffbart? Kor går eigentleg grensene for handel? Kva tenker andre i bransjen?
Mange opplever usikkerheit rundt eigne avtaler, sidan dei ofte fell lit utanfor det opplagte sanksjonsregimet som er lagt opp. Nokre opplever dette alt no, og andre ser at det kan bli utfordringar knytt til framtidig handel.
Fredag 1. april kl 12 til 14 får du oppdatering frå Espen Remme frå NHO på saker som går på handel med Russland, og du kan stille spørsmål rundt saker som berører di bedrift.
Vi serverer enkel lunsj og kaffi.
Vi treng å vite kor mange som kjem, så meld deg på i dag via post@mafoss.no