mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

olav_nakken.jpg

Ny Klevensjef

Olav Nakken (54) er ny administrerande direktør ved Kleven Verft AS.

Olav Nakken (54) er ny administrerande direktør ved Kleven Verft AS.

Nakken er utdanna skipsingeniør frå NTNU og har over 25 års erfaring innan maritim sektor i inn- og utland, spesielt innan  bygging av passasjer- og cruiseskip. Den nye Kleven-direktøren har blant anna vore ansvarleg for klassifiseringsverksemda av nybygde cruise- og passasjerskip i Det norske veritas (DNV), og har leia drifta av fire verft i Aker Yards.

Det siste året har han vore prosjektdirektør for Hurtigruten sin nybyggorganisasjon.

- Vi er veldig glade for å få på plass Olav som ny administrerande direktør ved Kleven verft. Han har ein unik og brei bakgrunn frå bygging av cruise- og passasjerskip, og tung internasjonal erfaring frå verftsbransjen. Det gir han eit perfekt utgangspunkt for å posisjonere Kleven i eit viktig vekstsegment, og rigge verftet for nye kontraktar i åra som kjem, seier styreleiar Ørjan Svanevik i Kleven.

Den nye direktøren vart presentert under eit allmøte måndag formiddag.

- Kleven har ein heilt spesiell posisjon, med ein kombinasjon av stolte tradisjonar, moderne teknologi og unik kompetanse. Eg kjenner både verftet og organisasjonen, og ser kor store moglegheiter som finnast for å sikre verftet meir arbeid i åra framover, seier Nakken.

Karsten Sævik, som har leia Kleven gjennom den siste omstruktureringsperioden, vil i ei overgangsperiode vere tilgjengeleg for rådgiving for verftet.

- Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid, seier Svanevik.

- Styret ynskjer å takke Karsten for jobben han har gjort på Kleven, og set pris på at han er tilgjengeleg for oss også ei periode framover, seier Svanevik.

Kleven byggjer for tida verdas to fyrste hybriddrevne ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten. Det fyrste av dei to skipa skal leverast som avtalt tidleg i 2019, og etter eit omfattande testprogram segle sin fyrste tur i byrjinga av mai.

Siste nytt
Lunsjmøte 17. og 23. oktober
Lunsjmøte 17. og 23. oktober
Vi har gleda av å få samarbeide med GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea om to samlingar med tema "EU-finansiering" i haust.
Den første samlinga er i Fosnavåg den 17. oktober og den andre samlinga er i Ulsteinvik 23. oktober. Sjekk påmeldingslink for seminaret den 17. her og sjekk påmeldingslink for seminaret den 23. her. Vel møtt til å lære meir om muligheiter innan finansiering for DINE prosjekt!
03.09.19 14:31
Frukostmøte 3. oktober
Frukostmøte 3. oktober
Jobbar du med personalsaker? Saman med våre venner i SANDS inviterer vi til frukostmøte på Quality Hotel Ulstein den 3. oktober. Sjå vedlegg for detaljar, og meld deg på! 
30.08.19 14:02
Color Hybrid årets skip!
Color Hybrid årets skip!
Ulstein og Color Hybrid vann prisen for årste skip under NorShipping 2019. MAFOSS gratulerer!  Les meir her.
04.06.19 12:46
HAV-dagen 29. mai
HAV-dagen 29. mai
Mobilisering til forskning og innovasjon i havnæringane Den 29. mai inviterer Forskingsrådet til fagdag i Ålesund. Arrangementet gir eit godt innblikk i kva som rører seg innan havnæringane pr i dag, og kva som skjer av satsing og forsking framover.
Eit rikhaldig program, gode foredragshaldarar, spanande nettverk. Treng du fleire grunnar til å melde deg på? 
Ja, det er gratis.. Meld deg på her.
16.05.19 15:01
AutoPass
AutoPass
Mot løysing på utfordringane.
MAFOSS set pris på at høyringsrundene rundt innføring av AutoPass er tatt alvorleg av politikarane. Sjølv om vi ville hatt tilbake gamle takstsoner får vi seie oss nøgde med ein halv siger.  Les meir på nett.no 
16.05.19 14:36
Årsmøtet 2019 utval
Årsmøtet 2019 utval
På årsmøtet 2019 vart desse valt inn i utvala våre: Opplæringsutvalet Kim Gjøringbø/ Servi  Anna Goksøyr/ UVE  * Monica Nipen/ KVE *   Svein M. Tenfjord/ IOM * Aage Falch Gundersen/ KB * Håvard Gurskevik/MVE * Personalutvalet Monica Nipen/KVE *  Ingunn Sporstøl/Evotec * Ida Bigset Storaker/MVE * Ingebjørg Rønning/KB * Guri R. Sætre/ IOM*  Gro-Lise Rise/ Furene * Synnøve Sundgot/ Brunvoll * Trond Berg/ UG* HMS-utvalet: Henrik Johansen/ KB * Odd Magne Koppen/ UVE * Eldar Sande/ HG * Jon Arne Hatlø/ KVE * Magnar Kvamme/ Larsnes *  Torben Sandvik/ IOM * Lars Gustavsen/ RM FOU-utvalet Rune Garen/ KB * Tor Rønnestad/ JETS * Per Olaf  Brett/ UIN *   Tore Roppen/ Prodtex  * Kurt Erik Steinsåker Nesje/Evotec * Nils Roar Hareide/ RM * Tor Inge Normo/MVE * Logistikk- og produksjonsutvalet: Hans Olav Rovde/ KVE  * Kjetil Knutsen/ BV Arild Djupvik/ KB * Kjell Arve Vatne/ UVE  * Finn Ove Kvalsvik/ Servi Ulsteinvik AS   Bjørn Berge/ Evotec *  Val av valnemnd:  Magne Gurskevik Dag Skarbø Geir Holstad   Val av revisor:  Jarle Gunnarstein  
25.04.19 09:27
Årsmøtet 2019
Årsmøtet 2019
På årsmøtet 24. april 2019 vart det valt nytt styre inklusive vara. Nytt styre ser slik ut: Oddvar Saunes Bjørklund Holding Ny for 2 år Ann-Magritt Ringstad Ulstein Ikkje på val Guri Sætre Island Offshore Ikkje på val Hallvard Pettersen Brunvoll Ikkje på val Margrete Heltne Hovde Tussa24 Attval 2 år Monika Nipen Kleven Maritime Ny for 2 år Geir Sundal Kongsberg Maritime Ny for 2 år Vara til styret: Jan Tore Leikanger Jets Vidar Gjerdsbakk  Ulstein Tor Egil Rise Hareid Group Iver Bjørnerem Ulmatec Joar Sundgot Servi Ulsteinvik Mads-Andre Værnes Kleven Maritime Tommy Fredriksen Kongsberg Maritime
25.04.19 09:25
Hafast og Møreaksen
Hafast og Møreaksen
Som ein del av arbeidet med promotering av Møreaksen og HAFAST, var ein delegasjon frå Møre og Romsdal i møte med samferdsleminister Jon Georg Dale i Oslo mandag 4. mars. På dagsorden sto oppdaterte planar og oversikter, inklusive nye og svært positive  kostberekningar frå Statens Vegvesen, samt innspel inn mot vidare effektuering av planane ift NTP. Næringsrganisasjonar, bransjeorganisasonar, næringsliv og politisk liv var med i møtet som var eit sterkt signal frå Møre og Romsdal om at vi treng iverktsetting av planane snarast råd.
Til Romsdals Budstikke seier Jon Georg Dale: "– Det har vært et veldig bra møte, der vi har fått gode innspill både fra fylkesordfører Jon Aasen, fra regionene og ikke minst fra næringslivet."

MAFOSS stilte med styreleiar Magne Gurskevik og konstituert dagleg leiar Jan Thormodsæter.
05.03.19 12:07
Kurs for ansatte
Kurs for ansatte
Når du treng kurs for dine ansatte fiksar MAFOSS det for deg.
Vår samarbeidspartnar Opplæring Vest set opp kurs for MAFOSS sine medlemsbedrifter med jamne mellomrom, og set også opp kurs på bestilling i bedrift eller i samarbeid med fleire for å få prisen ned.
I linken her finn du oversikt over dei kursa som er under planlegging framover.
01.03.19 11:10
Linblad vil ha meir
Linblad vil ha meir
Linblad skal bygge meir hos Ulstein:
Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire. MAFOSS gratulerer!! 

 Lindblad bestiller nytt cruiseskip frå Ulstein Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire. Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, ‘National Geographic Endurance’ skal leverast i første kvartal 2020. - Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram: - Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei. Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp. - Det er svært spennande å kunngjere neste fase i vekststrategien vår, seier Sven Lindblad, som er president og konsernsjef i Lindblad, og held fram:  - ‘National Geographic Endurance’ byr på heilt unike reiseruter som følgje av eigenskapane til skipet. Fartøyet har blitt møtt med stor spenning både frå passasjerar som har reist med oss før, og frå dei som er nye for Lindblad-National Geographic, og vi er sikre på at systerskipet hennar vil bli møtt med den same entusiasmen i marknaden. Desse to skipa representerer eit heilt nytt nivå på yteevna innan ekspedisjonscruise, både når det gjeld komfort for passasjerane, når det gjeld kva regionar og ruter dei er i stand til å trafikkere, og evna til å kunne fungere som vitskapsplattformer i nokre av dei fjernaste og mest urørte delane av verda. Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg. Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir. -Vi er begeistra over å annonsere bygginga av dette spennande nye skipet, seier Nancy Schumacher, viseadministrerande direktør innan reiseaktivitetar i National Geographic Partners. - Dette er eit nytt eksempel på suksessen og den pågåande ekspansjonen i partnarskapen mellom National Geographic og Lindblad. Om Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne ekspedisjonsmateriell. Om Ulstein Group  ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feira selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar.  Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®. Om National Geographic Partners LLC National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning.   https://ulstein.com/news/2019/lindblad-bestiller-nytt-cruiseskip-fra-ulstein
28.02.19 15:11

gå til arkiv

Lunsjmøte 17. og 23. oktober
Lunsjmøte 17. og 23. oktober
Vi har gleda av å få samarbeide med GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea om to samlingar med tema "EU-finansiering" i haust.
Den første samlinga er i Fosnavåg den 17. oktober og den andre samlinga er i Ulsteinvik 23. oktober. Sjekk påmeldingslink for seminaret den 17. her og sjekk påmeldingslink for seminaret den 23. her. Vel møtt til å lære meir om muligheiter innan finansiering for DINE prosjekt!
03.09.19 14:31
Frukostmøte 3. oktober
Frukostmøte 3. oktober
Jobbar du med personalsaker? Saman med våre venner i SANDS inviterer vi til frukostmøte på Quality Hotel Ulstein den 3. oktober. Sjå vedlegg for detaljar, og meld deg på! 
30.08.19 14:02
Sverre Farstad seglar igjen
Sverre Farstad seglar igjen
Sverre Farstad & Co tek over Ulstein sin Blue King og startar opp att med rederi. - Vi er svært glade for at denne avtalen no er på plass og vi ser fram til at skipet kjem i drift igjen. Det nye reiarlaget er eit er spanande tilskot til den maritime klynga i regionen og vi ønskjer dei lykke til framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.  Skipet er av designtypen PX 121 frå Ulstein Design & Solutions og det vart levert frå Ulstein Verft i mai 2016. Ulstein har til saman levert 30 design- og utstyrspakkar til typen PX121 til ulike reiarlag, 10 av fartøya er bygde ved Ulstein Verft. 
Det er svært gledeleg at denne avtalen er gjort, og MAFOSS gratulerer og ønsker lukke til for Farstad & Co.

21.06.19 10:56
Color Hybrid årets skip!
Color Hybrid årets skip!
Ulstein og Color Hybrid vann prisen for årste skip under NorShipping 2019. MAFOSS gratulerer!  Les meir her.
04.06.19 12:46

gå til arkiv