Skriv ut
Foto: Salgsleiar Øyvind Sætre, Dagleg leiar Geir-Arne Bøe, og Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
Foto: Salgsleiar Øyvind Sætre, Dagleg leiar Geir-Arne Bøe, og Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.

MAFOSS presenterer:

KACE AS

I dag presenterer vi KACE AS, som vart MAFOSS-medlem i 2021.

Kort om KACE:
KACE AS vart starta i 2007, og held i dag til på Mjøstadneset der dei leiger produksjonslokaler hos Ulmatec.

Allsidig produksjon:
I hovdusak driv KACE AS med produksjon og reparasjon innan glasfiber og andre komposittmaterialer, men har ei god breidde i arbeidsoppdrag.

Kace har lang erfaring innan bygging av skrog, overbygg, rorhus samt utrustning og ferdigstilling av arbeidsbåtar. I dag er dei underleverandørar til selskap som har kontrakter innan offshore og seismikk, men tek også større og mindre oppdrag av både nybygg og reparasjon. KACE opererer ut frå Mjøstadneset i gode og tenelege lokaler som er godt egna til denne type produksjon.

Også landbasert:
Innanfor landbasert industri bistår KACE AS med hjelp til design, berekningar og produksjon innan mellom anna kompositt. KACE AS tilbyd også produksjon av former etter behov der dette er ynskjeleg, og kan mellom anna tilby produksjon og reparasjon av rør, tankar og andre produkt i glasfiber/kompositt.

Nye marked:
MAFOSS hadde gleda av å besøke KACE tidlegare denne månaden, og er imponert over breidda i type oppdrag som er representerte. Sidan satsinga på seismikk måtte leggast litt på is, har denne bedrifta verkeleg snudd seg rundt for å finne nye kundar og nye markedssegment, noko ein ser resulat av i dag.
Vi ser muligheiter for mange gode koplingar mellom fleire MAFOSS-medlemmer og KACE, og gler oss over at dei no er blitt medlemmer.

Les meir om KACE på deire heimesider.