Skriv ut
Foto: MAFOSS-Jan saman med Tore Knivsflå Bjørkedal (salg i Robinet Ulsteinvik) og Ronny Abrahamsen (teknisk sjef i Robinet Ulsteinvik)
Foto: MAFOSS-Jan saman med Tore Knivsflå Bjørkedal (salg i Robinet Ulsteinvik) og Ronny Abrahamsen (teknisk sjef i Robinet Ulsteinvik)

MAFOSS presenterer:

ROBINET AS / Ulsteinvik

Vi har besøkt Robinet i Ulsteinvik, ei bedrift som har vore MAFOSS-medlem i mange år. Der hadde vi ein god prat om kva selskapet har fokus på, litt om felles utfordringar og om moglege utviklingsprosjekt og samarbeid. Det vart fortalt gode historier frå mange år i bransjen, og  selskapt har spanande visjonar og idear for kva som kan bli røynda i tida framover.

Robinet Ulsteinvik
Robinet avdeling Ulsteinvik leverer og produserer tekniske løysingar over heile verda. Felles er at det handlar om ventilar, trykk og rørsystem. Ut frå avdelinga i Ulsteinvik fungerer dei også som grossist for andre leverandørar. Dei er også ein aktiv formidlar av fordelane med å vere ein del av ei verdikjede som lever av kvarandre og felles oppdrag.

Testing og utvikling
-Vi driv mykje med testing av diverse utstyr her i Saunesmarka, kan teknisk sjef Ronny Abrahamsen fortelje. -Vi jobbar også med utvikling av eigne produkt mellom alt det andre vi held på med, og fridomen til eige initiativ er stor i systemet vårt, seier han.

Gode samarbeid
-Det er viktig å vere tett på kunden, og dei beste løysingane vi leverer skjer i direkte samarbeid med kunden når vi kan sitje i lag og sette opp design for det kunden skal ha.

Abrahamsen fortel vidare at det historisk har vore god kontakt mellom enkeltaktørar i den maritime klynga på søre luten. -Dette blir det viktig å ta med seg når ein no skal inn i nye marknadssegment. Ein må ta med seg gode løysingar basert på vid kompetanse frå mange år innan til dømes offshore, avsluttar han.

Meir om verksamda og alt dei kan levere finn du i denne lenka.

Vi takkar for praten, og ønsker lukke til med vidare prosjekt!

Red.