Skriv ut
Jan Thormodsæter/ MAFOSS, Curt-Åge Hauge, dagleg leiar SHOK Partner og Geir Ove Molvær, Salgssjef SHOK Partner
Jan Thormodsæter/ MAFOSS, Curt-Åge Hauge, dagleg leiar SHOK Partner og Geir Ove Molvær, Salgssjef SHOK Partner

MAFOSS presenterer:

SHOK Partner AS     

I dag presenterer vi SHOK-partner, som vart MAFOSS-medlem i 2020.

Kort om SHOK Partner:
SHOK Partner leverer løysingar og utstyr for bysser og messer, samt vaskeri og avfallshandtering for skip. Kundar er innreiingsfirma, skipsverft og reiarar i inn- og utland.
SHOK Partner leverer også storkjøkken-løysingar til landbaserte kundar, og tek på seg alle typar oppdrag: Nybygg, ombygging, fornying, renovering eller utskifting av enkelt komponentar.
Kontor og lager er i Fristadbygget i Dragsund i Herøy kommune.

Også landbasert:
SHOK Partner har nyleg (mars 21) inngått avtale med Rosenlund Hamn om å levere storkjøkken til nybygget på Sandsøya. Leveransen inkluderer løysingar og utstyr for kjøkken, grovkjøkken, gatekjøkken, kjøle- og fryserom og oppvasklinje. SHOK Partner vil også stå for installasjonen.
I design fasen har ein nytta avansert 3D-modellering slik at kunden har kunne vandre rundt virtuelt og slik være med å tilpasse løysingane etter ønske og behov.

Viktig ordre for vidare satsing:
-Dette er en viktig ordre for SHOK Partner og en døropnar inn i storkjøkken-segmentet, seier dagleg leiar i SHOK Partner, Curt-Åge Hauge.
-Vi er svært takksame ovanfor Rosenlund og glade for at dei vel lokale leverandørar i nysatsinga på Sandsøya, seier han.
Dette er den første betydelege leveransen for SHOK Partner i det landbaserte storkjøkken-segmentet.
-Dette oppdraget vil være svært viktig for satsinga vår vidare og leveransen bidrar til å sikre lokale arbeidsplassar og kompetanse, seier Hauge.

MAFOSS ønsker SHOK Partner lukke til med satsinga, og håper på fleire oppdrag, ikkje minst frå andre MAFOSS-medlemmer i tida som kjem.

PS: I bildegalleriet kan du sjå fleire av aktuelle prosjekt og skisser frå det som skal leverast til Rosenlund.