mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

uten-navn-1.gif

Kontrakt og Korona 2.0

NB! Webinaret er flytta til rett over påske.

På grunn av at mange avviklar ferie denne veka utset vi vårt planlagde webinar til like over påske slik at så mange som mogleg kan få dette med seg.

 Nytt tidspunkt er onsdag 15. april frå kl 1000 til 1045.

 Tema for webinaret er «Statens økonomiske redningspakker» v/ Marit E. Kirkhusmo og «Inngåelse og oppfølging av leverandørkontrakter under koronakrisen» v/ Lars B. Andersen.

 Påmelding her innen tirsdag 14. april kl 1600.

Litt informasjon om foredragshaldarane:

 Marit E. Kirkhusmo er advokat og partnar i SANDS og har 20 års erfaring innanfor områda shipping, offshore og finansiering. Ho er anerkjent både nasjonalt og internasjonalt for sin kompetanse og bistår med eit bredt spekter av saker innanfor desse områda, til dømes transaksjonar som kjøp og sal, "sale leasebacks" og bygging av skip, finansiering, restrukturering og M&A, samt generell rådgjeving og tvisteløysing.
Marit har frå tidlegare også mange års kommersiell erfaring frå konsernleiing i rederiverksemd og styreerfaring frå offentlege og private verksemder.

Lars Berge Andersen er advokat og partnar i SANDS og leier avdelinga for Energi, Shipping & Offshore. Han er rangert som Noregs fremste advokat innan offshore og oljeservice og er ein av Noregs to mest internasjonale advokatar.
Berge Andersen har lang og omfattande erfaring frå rådgiving retta mot nasjonal og internasjonal olje, offshore og shippingverksemd samt nasjonale og internasjonale handels- og industriforetak. Han har også tung og operasjonell leiarerfaring frå både oppgangs- og nedgangstider gjennom rollene som VP & Head of Legal i Aker Solutions ASA og Chief Administrative Officer & General Counsel i MHWirth (Aker Group).

MAFOSS, ÅKP og våre venner i SANDS ønsker god påske og velkomen tilbake til webinar onsdag 15. april.
 
Påmelding her.

Det vil for øvrig bli høve til reprise av Oddbjørn Slinning og Aksel Hageler sitt innlegg frå første Webinar i denne serien for dei som ønsker dette. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om tidspunkt og påmelding.

Siste nytt
Trafikkstasjon i Ørsta
Trafikkstasjon i Ørsta
Nettverk for samferdsel, Sunnmøre er ei gruppe samansett av leiarane i næringslag- og foreiningar i Sande, Volda, Ørsta, Herøy, Hareid, Vanylven, Ulstein, Haram og Ålesund i tillegg til representasjon frå Gode vegar, Maritimt forum Nordvest og MAFOSS. Gruppa er uroa over innspela til nedlegging av Trafikkstasjonen i Ørsta, og har i dag sendt melding til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Les meir under.
18.01.21 12:28
Flytting av GIEK
Flytting av GIEK
MAFOSS om plassering av nye GIEK:
MAFOSS ser at det vert meldt at byråkratane i GIEK sjølve skal avgjere kor dei vil ha hovedkontoret sitt når GIEK og Eksportkreditt vert samanslått.
Dette meiner MAFOSS blir heilt feil og bak mål i forhold til kor brukarane av tenestene er plasserte. Hovedbruken av dette systemet ligg i bedriftene langs kysten som pr i dag er dei store verdiskaparane i AS Norge. Arbeide nær brukarane
-Det seier seg sjølv at det nye GIEK/ Eksportkreditt ikkje kan leggast til Oslo, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
 -Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i Operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire. Store verdiskaparar
Bedrifter i Møre og Romsdal er dei største brukarane av ordningane pr i dag, med bedrifter i Vestland og Viken på andre og tredje.
-Det er for oss difor opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund, seier han. Politikken
Fleire politikarar har kome på bana den siste tida, og MAFOSS håper dette blir stoppa av opposisjonen sidan Regjeringa har vore unnfallande i saka. MAFOSS trur at Senterpartiet og Arbeiderpartiet saman med FrP vil kunne gjere mykje for utfallet av denne saka.  -Her må Regjeringa ha ei klarare mening, og vi ber Næringsminister Iselin Nybø om å steppe opp. Dette kan ikkje bli overlatt til byråkratene, seier Thormodsæter.  
08.01.21 12:54
Jobb i Skaparhuset?
Jobb i Skaparhuset?
Sjekk saka og søk i dag! Frist: 8. januar.
05.01.21 08:22
Ned med prisen!
Ned med prisen!
MAFOSS og "Nertverk for samferdsel, Sunnmøre" meiner at pris på AutoPass må bli lågare. Dette både av omsyn til privatbilistar og for transportørar som leverer til våre medlemmer på Sunnmøre.  Meir i saka her.
04.12.20 12:40
Stad skipstunnell
Stad skipstunnell
Omsider falt det på plass. FrP sikra finansieringa i budsjettforhandlingane, og det blir oppstart som planlagt.
Dette er ei svært god nyheit for alle som bryr seg om samferdsel og god infrastruktur mellom regionane på kysten. MAFOSS takkar særskilt Måløy vekst og leiar Randi Humborstad som har jobba hardt inn politisk for dette.  Les meir her.
02.12.20 08:21
MAFOSS om TAF/ YSK
MAFOSS om TAF/ YSK
MAFOSS meiner:
Det er for tida diskutert på fylkesplan om ein bør få starta opp att YSK/ TAF-tilbodet. MAFOSS har dette som ein del av sitt strategiarbeid, for dette tilbodet har vore svært viktig for fleire av våre medlemsbedrifter. 
LIkevel ser vi at tidene er svært utfordrande, og vi ber difor om at ein avventar litt i denne omgang. Vårt forslag er at ein heller jobbar for å hjelpe den maritime næringa gjennom krisa først, så kan vi sjå på dette tilbodet ila neste år. Vi håper at det er realitisk å starte YSK igjen på søre frå skuleåret 2022/23.

Les meir i reportasjen i nett.no
23.11.20 09:11
Kursveke 42
Kursveke 42
Vi minner om kursa i veke 42: 1) * Lovpålagd dagskurs i HMS for leiarar: Onsdag 14. oktober 0900 til 1400 inkl lunsj. Kurset kostar kun 300,- inkl lunsj for medlemer - litt meir om du ikkje er medlem.

2) * Lovpålagd HMS 40-timerskurs for verneombod. Samling torsdag 15. og fredag 16. oktober. Kurspris: Kontakt MAFOSS 3) Varme arbeider, måndag 12. oktober. MAFOSS-medlemspris. (Pris avhengig av antal påmeldte.)

4) Personløft, tirsdag 13. oktober. MAFOSS-medlemspris. (Pris avhengig av antal påmeldte.)  Ta kontakt snarast om du treng oppdatering av DIN kompetanse. Covid19:
ALLE omsyn ift avstand og smittevern er sjølvsagt ivaretatt på kursa.
Vi fyl dei til ei kvar tid gjeldande reglar frå FHI. Meir info og/ eller påmelding: Kontakt MAFOSS.        
23.09.20 09:42
HMS 40-timerskurs
HMS 40-timerskurs
VI set opp 40-timerskurs i HMS veke 42. 
Førebuing: Nettbasert dag ein og to.
Samling: Samling i klassroms dag tre og fire.
Oppgåve: Dag fem. Eige arbeid.
Stad: Ulsteinvik
Pris: MAFOSS-medlemspris.
Påmelding: post@mafoss.no
15.09.20 09:49
Samferdselskonferansen 2020
Samferdselskonferansen 2020
Samferdselskonferansen 2020 vart ein suksess med fullteikna hus på Hotel Alexandra i Loen. Takk til alle som stilte opp og gjorde arrangementet til ei svært god samling rundt utfordringar og løysingar for RV15 (Strynefjellet og arm til Geiranger) og E39 (Byrkjelo-Grodås).  Skulle du ha spørsmål kan du sende e-post til arrangørane sin kontaktperson for konferansen: Svein Sunde på sveinsunde@godevegar.no
07.09.20 09:12
Årets skip!
Årets skip!
RO Vision vart kåra til Årets Skip, og vi gratulerer rederiet Rostein og ikkje minst MAFOSS-medlem Larsnes med prisen! Dette er svært gode nyhende å ta med seg i dagens markedssituasjon, og vi håper merksemda skaper ringverknad for fleire.  All ære til eit formidabelt arbeid lagt ned av Larsnes verft i dette prosjektet, og til eit rederi som satsar på å bygge i Norge.

Dette er det ikkje lett å få til viss ein legg prosjekta utanlands, sjølv om det fyl med ein del norsk utstyr. Vi må legge til rette for at det framleis blir bygd skip i Norge, og det er lov å tenke meir proteksjonistisk enn det støtteordningane til Norge legg opp til i dag. Vi er ikkje imponert over all støtte som går rett ut av landet, og det i ei tid der vi treng alle skipsbyggingsprosjekt som finst. Gratulerer igjen til Larsnes og alle involverte! 
02.09.20 12:33

gå til arkiv

Flytting av GIEK
Flytting av GIEK
MAFOSS om plassering av nye GIEK:
MAFOSS ser at det vert meldt at byråkratane i GIEK sjølve skal avgjere kor dei vil ha hovedkontoret sitt når GIEK og Eksportkreditt vert samanslått.
Dette meiner MAFOSS blir heilt feil og bak mål i forhold til kor brukarane av tenestene er plasserte. Hovedbruken av dette systemet ligg i bedriftene langs kysten som pr i dag er dei store verdiskaparane i AS Norge. Arbeide nær brukarane
-Det seier seg sjølv at det nye GIEK/ Eksportkreditt ikkje kan leggast til Oslo, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
 -Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i Operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire. Store verdiskaparar
Bedrifter i Møre og Romsdal er dei største brukarane av ordningane pr i dag, med bedrifter i Vestland og Viken på andre og tredje.
-Det er for oss difor opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund, seier han. Politikken
Fleire politikarar har kome på bana den siste tida, og MAFOSS håper dette blir stoppa av opposisjonen sidan Regjeringa har vore unnfallande i saka. MAFOSS trur at Senterpartiet og Arbeiderpartiet saman med FrP vil kunne gjere mykje for utfallet av denne saka.  -Her må Regjeringa ha ei klarare mening, og vi ber Næringsminister Iselin Nybø om å steppe opp. Dette kan ikkje bli overlatt til byråkratene, seier Thormodsæter.  
08.01.21 12:54
Samferdselskonferansen 2020
Samferdselskonferansen 2020
Samferdselskonferansen 2020 vart ein suksess med fullteikna hus på Hotel Alexandra i Loen. Takk til alle som stilte opp og gjorde arrangementet til ei svært god samling rundt utfordringar og løysingar for RV15 (Strynefjellet og arm til Geiranger) og E39 (Byrkjelo-Grodås).  Skulle du ha spørsmål kan du sende e-post til arrangørane sin kontaktperson for konferansen: Svein Sunde på sveinsunde@godevegar.no
07.09.20 09:12
Årets skip!
Årets skip!
RO Vision vart kåra til Årets Skip, og vi gratulerer rederiet Rostein og ikkje minst MAFOSS-medlem Larsnes med prisen! Dette er svært gode nyhende å ta med seg i dagens markedssituasjon, og vi håper merksemda skaper ringverknad for fleire.  All ære til eit formidabelt arbeid lagt ned av Larsnes verft i dette prosjektet, og til eit rederi som satsar på å bygge i Norge.

Dette er det ikkje lett å få til viss ein legg prosjekta utanlands, sjølv om det fyl med ein del norsk utstyr. Vi må legge til rette for at det framleis blir bygd skip i Norge, og det er lov å tenke meir proteksjonistisk enn det støtteordningane til Norge legg opp til i dag. Vi er ikkje imponert over all støtte som går rett ut av landet, og det i ei tid der vi treng alle skipsbyggingsprosjekt som finst. Gratulerer igjen til Larsnes og alle involverte! 
02.09.20 12:33
Nye gratis nettkurs
Nye gratis nettkurs
ÅKP og MAFOSS legg opp nye runder med nettkurs støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter fulle kurs før ferien vert det no lagt opp fleire nye kurs for at flest mogleg skal få tilbod. 
Kursa er gratis. Les meir om tiltaket her, og meld deg på. 
17.08.20 09:45

gå til arkiv