mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

 Stig Remøy og Lars Lühr Olsen. Alle foto: Ulstein group
Stig Remøy og Lars Lühr Olsen. Alle foto: Ulstein group

Havvind for Olympic

Vi gratulerer MAFOSS-medlem Ulstein Group med flott kontrakt på inntil 4 nye havvindfartøy til Olympic. Dette er konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til havvindindustrien for bygging ved Ulstein Verft. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Dei er baserte på ULSTEIN SX222-designet med TWIN X-STERN frå Ulstein Design & Solutions AS. Kontraktane inkluderer vidare ein opsjon på to skip.

Dette er fantastiske nyhende for heile verdikjeda innan maritimt på Sunnmøre og vi gler oss over å kunne ta med denne gladmeldinga inn i fellesferien!

Frå pressemelding:

Olympic sin flåte arbeider innan subsea og fornybar energi. Olympic vart etablert i Fosnavåg i 1996, og er ein viktig aktør i den maritime klynga på nordvestlandet. Selskapet har tidlegare bygd seks skip ved Ulstein Verft og var den første kunden til Ulstein Design & Solutions. No satsar Olympic igjen lokalt.

- For oss vil det vere avgjerande at skipa vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for. Dette gjer at vi kan møte kundane sine krav om å få skipa i arbeid til avtalt tid. TWIN X-STERN er eit smart designkonsept for lavt energiforbruk. Serviceskipa innan havvind ligg størstedelen av tida i posisjon ved turbinane, med hovudpropellar framme og bak vil dei ta ned energibehovet til eit nytt nivå når skipa ligg på posisjon, seier konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group.

- ­­Som eit lokalt reiarlag har det vore viktig for oss å satse på den maritime klynga. Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring, understrekar han.

- Vi er svært glade for å jobbe med Olympic igjen, ein viktig og innovativ kunde vi har hatt eit svært godt samarbeid med gjennom mange år og gjennom mange komplekse og vellukka prosjekt tidlegare, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group, og held fram:

- Med det noverande krevjande økonomiske og politiske landskapet, er desse kontraktane eit resultat av eit pragmatisk og godt samarbeid mellom partane, der begge partar har strekt seg langt for å finne gode og berekraftige løysingar. Som eitt av dei sentrale reiarlaga i den norske maritime klynga meiner Olympic at ein ordre ved eit norsk verft gir viktige ringverknader i heile klynga.

ULSTEIN SX222-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Skipa er førebudde for framtidige krav på havvindfelta. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Skipa er førebudde for metanoldrift og det er sett av plass for ytterlegare batterikapasitet for heilelektrisk drift når infrastrukturen til lading har kome på plass.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet sikrar høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

– Vi har samarbeidd tett med Olympic om detaljane i dette prosjektet og ser fram til å kome i gong med nybyggingsprosjektet, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør i Ulstein Verft. - Vi set stor pris på tilliten Olympic gir oss og vil legge oss i selen for å kunne levere i samsvar med avtalt kvalitet og leveringstid. Skipa er planlagt leverte vår og sommar 2024.

Dette er viktige kontraktar også for Ulstein Power & Control som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inklusiv ein stor batterileveranse.

Siste nytt
Havvind for Olympic
Havvind for Olympic
Vi gratulerer MAFOSS-medlem Ulstein Group med flott kontrakt på inntil 4 nye havvindfartøy til Olympic. Dette er konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til havvindindustrien for bygging ved Ulstein Verft. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Dei er baserte på ULSTEIN SX222-designet med TWIN X-STERN frå Ulstein Design & Solutions AS. Kontraktane inkluderer vidare ein opsjon på to skip. Dette er fantastiske nyhende for heile verdikjeda innan maritimt på Sunnmøre og vi gler oss over å kunne ta med denne gladmeldinga inn i fellesferien!  
13.07.22 09:55
Fagleg frukostmøte
Fagleg frukostmøte
Ein god gjeng frå MAFOSS sine medlemsbedrifter møttest til frukost på Quality Ulstein hotel, og hadde deretter eit særs godt møte om ESG og Openheitslova på Skaparhuset 24. mai.
SANDS sine toppfolk Maria Elena Kvalen og Nicolai Skridshol forklarte og svarte på spørsmål frå deltakarane, og gjekk i gjennom detaljar på saker ein må ha klart og utfordringar som kjem. Mykje er klart, men med ei lov som skal i gang 1. juli er det framleis mykje som manglar, også frå det sentrale Norge. 
Vi takkar SANDS for samarbeidet om eit godt seminar og ser fram til vidare felles møteplassar. #sands #MAFOSS 
27.05.22 10:36
ESG og openheitslov
ESG og openheitslov
MAFOSS inviterer til frukostseminar 24. mai.
Sjekk program for seminar som mellom annatek opp ESG og openheitslov.
Topp fagfolk frå SANDS fortel om erfaringar og utfordringar, og det vert gode høve til dialog rundt tematikk. Sjå program i vedlegg her og meld deg på i dag.
04.05.22 12:34
Russland og handel
Russland og handel
Kva skjer med våre avtaler med selskap i Russland framover? Er det straffbart? Kor går eigentleg grensene for handel? Kva tenker andre i bransjen?

Mange opplever usikkerheit rundt eigne avtaler, sidan dei ofte fell lit utanfor det opplagte sanksjonsregimet som er lagt opp. Nokre opplever dette alt no, og andre ser at det kan bli utfordringar knytt til framtidig handel.

Fredag 1. april kl 12 til 14 får du oppdatering frå Espen Remme frå NHO på saker som går på handel med Russland, og du kan stille spørsmål rundt saker som berører di bedrift.

Vi serverer enkel lunsj og kaffi. Vi treng å vite kor mange som kjem, så meld deg på i dag via post@mafoss.no
28.03.22 10:25
Ekstreme utgifter
Ekstreme utgifter
Det blir store utfordringar framover når drivstoffprisane no skyt fart. MAFOSS meiner dette kan by på ein kjempesmell om ein ikkje får sett på avgiftspolitikken rundt drivstoff snarast. Vi har snakka med nokre av dei store transportørane og bekymringa er stor. Les meir om utfordringane dette gir i sak frå Sunnmørsposten her.

16.03.22 08:51
Siste om Ukraina
Siste om Ukraina
Her finn du reiseråd og diverse oppdatert informasjon om situasjonen i Ukraina.

02.03.22 08:54
NHO om Ukraina
NHO om Ukraina
Sjekk dagens webinar frå NHO om situasjonen i Ukraina her.
01.03.22 16:33
Myklebust leverer
Myklebust leverer
Vi gratulerer MAFOSS-medlem Myklebust verft med overlevering av den fjerde av totalt seks planlagde brønnbåtar til Sølvtrans. Sjå artikkel i Vestlandsnytt her.
24.02.22 12:46
Prodtex med nytt samarbeid
Prodtex med nytt samarbeid
ICT bestiller spesialkompetanse frå MAFOSS-medlem Prodtex for å produsert ein ny type tank. Vi gratulerer med spanande konsept og avtale! Les meir på nett.no
24.02.22 10:12
Storsatsing for kompetanse
Storsatsing for kompetanse
Sparebanken Møre og Fylkeskommunen inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.
18.02.22 10:59

gå til arkiv