Skriv ut
jan_thormods_ter_januar_2019.jpg

Flytting av GIEK

MAFOSS om plassering av nye GIEK:
MAFOSS ser at det vert meldt at byråkratane i GIEK sjølve skal avgjere kor dei vil ha hovedkontoret sitt når GIEK og Eksportkreditt vert samanslått.
Dette meiner MAFOSS blir heilt feil og bak mål i forhold til kor brukarane av tenestene er plasserte. Hovedbruken av dette systemet ligg i bedriftene langs kysten som pr i dag er dei store verdiskaparane i AS Norge.

Arbeide nær brukarane
-Det seier seg sjølv at det nye GIEK/ Eksportkreditt ikkje kan leggast til Oslo, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
 -Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i Operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire.

Store verdiskaparar
Bedrifter i Møre og Romsdal er dei største brukarane av ordningane pr i dag, med bedrifter i Vestland og Viken på andre og tredje.
-Det er for oss difor opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund, seier han.

Politikken
Fleire politikarar har kome på bana den siste tida, og MAFOSS håper dette blir stoppa av opposisjonen sidan Regjeringa har vore unnfallande i saka. MAFOSS trur at Senterpartiet og Arbeiderpartiet saman med FrP vil kunne gjere mykje for utfallet av denne saka.

 -Her må Regjeringa ha ei klarare mening, og vi ber Næringsminister Iselin Nybø om å steppe opp. Dette kan ikkje bli overlatt til byråkratene, seier Thormodsæter.