Skriv ut
framr.jpg

Endeleg flybuss!

Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.

Frå Pressemeldinga:

Kollektivtilbod tilpassa alle flytider på Hovden frå 23. august
Frå 23. august 2021 blir det mogleg å reise kollektivt til og frå Ørsta-Volda Lufthamn, Hovden. Det blir ordinær bussteneste på dagtid og bestillingstransport morgon, kveld og helg. Bestillingstransporten går med drosje, men du betaler busstakst.

Rutebuss på dagtid på kvardagar
Det er lokalrutene 338 Volda-Ørsta-Ulsteinvik og 340 Ørsta-Volda som vil køyre til og frå flyplassen når det er bussavgangar som passar med flytidene.

 FRAM Svipp med drosje når det ikkje går buss – til busstakst
Til dei avgangane og ankomstane det ikkje går rutebuss, blir det mogleg å bestille FRAM Svipp, som er FRAM si nye ordning for bestillingstransport.

Med FRAM Svipp blir du henta heime og køyrt til flyplassen – eller frå flyplassen og heim, og du betaler det same som det ville koste å ta buss. Transporten går med drosje, og det kan vere fleire med i drosja. Du betaler til sjåføren.

- FRAM Svipp er eit nytt system for bestillingstransport som FRAM skal ta i bruk. Prosjektet ved Hovden er eit pilotprosjekt for å teste ut løysinga, seier Ingebjørg Nergaard, rådgivar i FRAM og prosjektleiar for pilotprosjektet. Vi har stor tru på at FRAM Svipp blir tatt godt imot og at fleire no vil velje å reise kollektivt til og frå flyplassen, held Nergaard fram.

Slik fungerer FRAM Svipp

Tilbodet blir tilgjengeleg for definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda kommune, d at plassen du skal køyrast frå eller til, må ligge innanfor dei definerte sonene. FRAM vil kome med nærare informasjon om sonene før oppstart 23. august.

Bestillingar må gjerast i Svipp-appen som blir tilgjengeleg kort tid før oppstart. For avgangar før kl. 9 om morgonen må du legge inn bestillinga seinast kl. 22 kvelden før. For andre avgangar må du bestille seinast 1 time før du vil bli henta heime når du skal køyrast til flyplassen. Når du bestiller, må du legge inn god nok tid til at du kan vere på flyplassen minimum 25 minutt før avreise. Viss du skal reise frå flyplassen og heim, må du bestille minimum 15 minutt før du vil reise.

Stor glede i kommunane over at tilbodet er på plass

- Vi er svært glade for å få på plass eit godt kollektivtilbod til Hovden, seier Sølvi Dimmen, ordførar i Volda. Kombinasjonen med vanleg buss og FRAM Svipp gir eit godt, heilskapleg tilbod til reisande til og frå flyplassen, avsluttar ho.

Det har vore eit godt samarbeid mellom kommunane Ørsta og Volda, Avinor og fylkeskommunen for å få til dette, og også Ørsta kommune, Avinor og store aktørar som Høgskulen i Volda er svært positive til den nye ordninga.