Skriv ut
logo_2011_mafoss_kopi.jpg

Årsmøtet 2021

Årsmøtet i MAFOSS vart halde på Teams 29. april 2021.
Årsmelding, framlegging av rekneskap/balanse og val av styre vart gjennomført jfr vedtekter.

Vi takkar avtroppande leiar Oddvar Saunes og styre- og varamedlemer som no går av for god innsats for foreininga i ei utfordrande tid for bransjen og MAFOSS. Vi set pris på at medlemene framleis vil engasjere seg for MAFOSS, og vi trur soleis at foreininga framleis har ein viktig funksjon i klynga på søre luten. 

Styret 2021-2022:
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda, valt for eitt år.
Margrete Heltne Hovde, Tussa 24, gjenvalt for eitt år.
Mads-Andre Værnes, GYK, gjenvalt for eitt år.
Jogeir Romestrand, Evotec, valt for to år.
Per Erik Dalen, ÅKP, gjenvalt for eitt år.

Hallvard Pettersen vart valt som leiar, og Margrete Heltne Hovde vart valt som nestleiar.

Vara til styret (alle for eitt år):
Jarle Gunnarstein, Larsnes mek.
Oddbjørn Følsvik, PE Bjørdal.
Iver Bjørnerem, Ulmatec Handling systems.
Ida Bigset Storaker, Myklebust verft.
Cathrine Kristiseter Marti, Ulstein group.

Sjå elles vedlegg for oversikt over personar i fagutvala.

For spørsmål: kontakt oss gjerne på post@mafoss.no 

val_av_tillitsvalde_p_rsm_tet_29_april_20.pdf
_rsmelding_for_mafoss_drifts_ret_2020_til_20.pdf