Skriv ut
RO Vision. Foto: Larsnes mek
RO Vision. Foto: Larsnes mek

Årets skip!

RO Vision vart kåra til Årets Skip, og vi gratulerer rederiet Rostein og ikkje minst MAFOSS-medlem Larsnes med prisen!

Dette er svært gode nyhende å ta med seg i dagens markedssituasjon, og vi håper merksemda skaper ringverknad for fleire. 

All ære til eit formidabelt arbeid lagt ned av Larsnes verft i dette prosjektet, og til eit rederi som satsar på å bygge i Norge.

Dette er det ikkje lett å få til viss ein legg prosjekta utanlands, sjølv om det fyl med ein del norsk utstyr. Vi må legge til rette for at det framleis blir bygd skip i Norge, og det er lov å tenke meir proteksjonistisk enn det støtteordningane til Norge legg opp til i dag. Vi er ikkje imponert over all støtte som går rett ut av landet, og det i ei tid der vi treng alle skipsbyggingsprosjekt som finst.

Gratulerer igjen til Larsnes og alle involverte!