Skriv ut
gjester_tidprat_4_november.png

"TidPrat" i Ulsteinvik

Invitasjon til samling på Skaparhuset

Den 4. november inviterer Tidsbanken AS til dynamisk kompetansedeling i Ulsteinvik.
Det bergensbaserte selskapet har det siste året blitt godt kjent med Ulsteinvik og fleire av bedriftene i området, og som Tidsbanken sjølve seier: -Dette er eit område med høg kompetanse, og her heier bedriftene på kvarandre uavhengige av bransje. Tidsbanken set pris på å få ta del i dette og har lært mykje av den kulturen og stoltheita dei har møtt her.

TidPrat
No arrangerer Tidsbanken AS «TidPrat» igjen - ein uformell arena for dynamisk kompetansedeling. Etter nærare to år sidan sist runde i Bergen er dei igjen tilbake, og denne gangen er destinasjonen Skaparhuset i Ulsteinvik.  

Korleis skaper ein verdi i si bransje, og kva inspirerer menneska til å skape denne verdien? Viss vi ser inn i framtida; kva skal til for at selskapa fortset med den same verdiskapinga som i dag?

Saman med Kjersti Kleven og Skaparhuset i Ulsteinvik skal kompetente foredragshaldarar diskutere framtida sine modellar for organisasjonslæring.

Medverkande:
Lars Arne Nilsen, trenar for AaFK
Inge-Jonny Hide, CEO i Myklebust Verft AS
Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor ved HVO.


Desse tre skal ta oss med på ein debatt om korleis ein skaper eit best mogleg klima for endrings- og forbetringsarbeid.

Samlinga er gratis.

Ikkje gå glipp av dette - Meld deg på her www.tidprat.no