Skriv ut
6.jpg

Takk til Oddvor!

1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista! 

Alt godt,

Jan / MAFOSS