Skriv ut
human-2944065_1920.jpg

Prosjektmedarbeidar

Til prosjektet
«Kompetanseutvikling Sunnmøre»

søker vi Prosjektmedarbeidar i 60% stilling

MAFOSS (Maritim forening for søre Sunnmøre) vart etablert i 1969 for mellom anna å styrke den formelle kompetansen for skipsbyggarar. Opp under 40 medlemsbedrifter frå heile den maritime verdikjeda på Søre Sunnmøre held i dag MAFOSS engasjert i kompetanse- og kursarbeid, politisk arbeid for å styrke klynga sine rammevilkår, samt arbeid for å styrke infrastruktur gjennom samferdsel og gode løysingar til havs, på land og i lufta.

Kompetanseutvikling Sunnmøre
Den maritime klynga er ei av dei største næringane i Møre og Romsdal, og har heile verda som marknadsplass for sine produkt. Endringane dei siste åra utfordrar oss på å sikre og vidareutvikle den unike kompetansen vi har slik at vi er godt rusta for oppturen som kjem.

For å samle kunnskap om kva vi har og kva vi treng, har vi etablert prosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre», der vi no søker etter ein prosjektmedarbeidar til første fase (forstudie) av prosjektet. Prosjektet ligg under MAFOSS, rapporterer til Dagleg leiar, og er leia av ei styringsgruppe samansett av toppleiarar frå næringa.

Sentrale oppgåver i forstudiet:
- Avklare reelle kompetansebehova i bransjen ift kva type fagfolk ein vil trenge framover.
- Legge planar for korleis ein sikrar tilgang på grunnleggande kompetanse.
- Samarbeide med andre aktørar for å promotere vårt behov for diverse kompetanse.
- Analysere og kome med forslag til modellar for korleis formidling av eksisterande kompetanse kan gjerast smidigare og slik verte ein styrke for vår industri.
- Utarbeide prosjektplanar i nært samarbeid med styringsgruppe og leiar.
- Rapportere til styringsgruppe og leiar undervegs.
- Forstudiet vil også måtte finne utvida løysingar på finansiering, slik at ein legg eit godt grunnlag for hovudprosjektet.

Den vi ser etter:
- Du har utdanning på bachelor-nivå.
- Du har kunnskap frå personalbehandling, kompetansekartlegging og system rundt dette.
- Du har god kjennskap til bransjen, og har gjerne jobba i bransjen.
- Du set deg fort inn i nye styringsverktøy- og system.
- Du er ivrig på å søke løysingar.
- Du er sjølvgåande, strukturert og målbevisst.
- Du er sosial og god på formidling og sal.
- Du har gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:
- Utfordrande og sjølvstendig jobb med høve til utviding til full stilling i hovudprosjektet.
- Positivt og sosialt arbeidsmiljø.
- Meiningsfullt arbeid i ein bransje med framtidstru.
- Løn etter avtale.

Søknadsfrist:
Snarast og seinast registrert innan 25. juni.

Prosjektperiode:
Haust 2021- vinter 2022 for forstudiet/ forprosjektet, vinter 2022 til sommar 2023 for hovudprosjektet.

Søknad vert å sende til:
MAFOSS, v/ Jan Thormodsæter
Stålhaugen 7, 6065 Ulsteinvik
post@mafoss.no

For spørsmål, kontakt:
Dagleg leiar i MAFOSS, Jan Thormodsæter. E-post: jan@mafoss.no eller tel 9246 7700.
Leiar i styringsgruppa, Gunvor Ulstein. E-post: gunvor.ulstein@ulstein.com eller tel 7000 8000.