Skriv ut
tomme_strender.jpg

Sommar og corona

Vinter og vår 2020 har vore ei utfordrande tid for heile vår bransje.
Corona slo til akkurat då vi hadde starta å sjå over kneika etter lange og harde omstillingsprosessar, og var svært ugunstig for alt arbeid innan bransjen.
I denne tida har vi vore engasjerte i å bistå med å legge til rette for informasjon og politisk påverknad for å lette på belastninga for våre medlemmer. Dette er gjort gjennom engasjement innan nasjonale og kommunale karanteneråd, arbeid for betre reiseregulativ innan Europa i dialog med Norsk Industri og SEA Europe, dialog med helsetenestene ift testing og mykje meir.
No blir det endring på restriksjonane, men vi er budde på fleire runder etter at sommarferien til AS Norge er over. Vi skal vere der, og vi skal gjere det vi kan for å bistå våre medlemer vidare også.

Gjennom dei siste månadane har vi også hatt fleire fagseminar og webinar, samt at vi har vore engasjert i eit større kurssamarbeid med ÅKP med solid støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og BIO2-midlar. Det vart satt opp ca 30 kurs, noko som vart godt tatt i mot. Vi jobbar no med å setje opp fleire kurs og tiltak til hausten, og dei første kursa er alt lagt ut for påmelding på ÅKP sine Academy-sider.

Nokre av webinara vi har arrangert har vore retta mot arbeidsgivar sine plikter og retter i ei utfordrande tid. Vi vil takke særskilt SANDS i Ålesund som har stilt gratis opp med rådgiving i webinara som vi (ÅKP og MAFOSS)  har arrangert i samarbeid med dei. Det er mange faktorar som arbeidsgivar på ta omsyn til i slike tider, og vi har forsøkt å adressere dei mest vesentlege.

I vedlegget kan du lese litt oppsummert frå Webinara vi har hatt med SANDS.

Vi ønsker god sommar!

 

sommerbrev_-_sands_lesund.pdf