Skriv ut
windea_jules_verne_dsc03939_cr_ulstein_web.jpg

WINDEA JULES VERNE levert

Ulstein Verft har i dag levert serviceoperasjonsskipet WINDEA JULES VERNE til Bernhard Schulte Offshore GmbH. Hybridskipet skal utføre service- og vedlikehaldsoppdrag for GE Renewable Energy på havvindfarmen Merkur Offshore.
MAFOSS gratulerer! 

Frå pressemeldinga:
På prøveturen til skipet vart alle system testa, inkludert hybridsystemet. Havvind er ei fornybar energikjelde, og ved å introdusere eit hybridsystem på eit slikt fartøy vil drivstofforbruket og utsleppa bli reduserte - og dermed vert service- og vedlikehaldsoppdraga meir berekraftige.

Fartøyet til Bernhard Schulte er basert på ULSTEIN SX195-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Det er 93,4 m langt og 18 m breitt. Det har innreiing for 120 personar. Fartøyet fungerer som ein "heim borte frå heimen" for mange serviceteknikarar og for mannskapet. Det er difor lagt stor vekt på å halde høg komfort for dei som er om bord. X-BOW® and X-STERN™ gir mjukare rørsler i møtande sjø, noko som reduserer slag og påfølgande vibrasjonar betydeleg. Dette gir auka kvalitet på søvn og kvile utanfor skifta. Der er fleire salongar, eit spelerom og eit bibliotek i sona rundt messa, treningsrom og saunaer.

Fartøyet er utstyrt med eit tårn med personell- og utstyrsheis og ei hivkompensert gangbru for sikker overgang til vindturbinane for å yte vedlikehald og service. I tillegg til å operere med baugen mot veret kan dette skipet også gå akterover med hekken fremst når det er i arbeid inne på vindfarmen. I tillegg kan det nytte eit mindre hjelpefartøy for å auke servicekapasiteten endå meir.

Merkur Offshore ligg utanfor Tyskland. Med sine 66 vindturbinar gir havvindparken grøn energi til om lag ein halv million husstandar.