Skriv ut
design/big_list_heading_bg.png

Årsmøte i MAFOSS

Mandag 25. mai vart det halde årsmøte i MAFOSS. Grunna situasjonen med Corona vart dette halde som eit TEAMS-møte.

Av sentrale saker var endring av MAFOSS sine vedtekter ift utviding til også å gjelde marin verksemd, og sak om at ein går inn i eit formalisert samarbeid med ÅKP dei viktigaste.

Utvida satsing:
-Endring av vedtektene var naudsynt for å kunne tilby medlemskap også til selskap som driv innan marin verksemd, anten med sjømat i vid forstand, eller produkt som er sentrale i næringa, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS. -Mange av våre eksisterande medlemmer leverer utstyr og tenester til marin næring, så også av den grunn er det naturleg å utvide, seier han.

Samarbeid med ÅKP:
I årsmøtet vart også vedtatt å inngå eit meir formelt samarbeid med ÅKP, noko medlemsbedriftene har etterlyst og som no blir gjennomført.
-MAFOSS blir etablert som eit prosjekt i ÅKP, men kjem framleis til å ha eige styre og kontroll på eigen økonomi. Det geografiske nedslagsfeltet blir også det same, seier styreleiar Oddvar Saunes.
-Vi er glade for å ha blitt tatt godt i mot i ÅKP-familien.

Vedtaksendring og samarbeidet med ÅKP vart samrøystes vedtatt av årsmøtet.

Nytt styre:
Det nye styret valt på årsmøtet er MAFOSS 25. mai er:
Oddvar Saunes (leiar), Bjørklund holding. Vara: Jan Tore Leikanger, JETS.
Margrete Heltne Hovde (nestleiar), TUSSA 24. Vara: Joar Sundgot, SERVI.
Geir Sundal, Kongsberg CM. Vara: Tommy Fredriksen, Kongsberg CM.
Mads-Andre Værnes, Kleven. Vara: Magne Gurskevik, Kleven.
Per Erik Dalen, ÅKP. Vara: Oddbjørn Hatløy, ÅKP.

-Vi ser fram til å ta tak i utfordringane saman med nye styremedlemer, og takkar dei avtroppande styremedlemene for innsatsen i perioden fram til årsmøtet. Det har vore nokre spanande år, og innsatsen til det avtroppande styret har vore svært viktig for oss som held i dette til dagleg, seier Jan Thormodsæter.

Dei som gjekk ut av styret no er:
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda.
Ann-Magritt Ringstad, Ulstein
Guri Sætre, Island Offshore

 

Utvala – livsnerven i MAFOSS:
MAFOSS har per dags dato fem fagutval som består av fag-representantar frå Medlemsbedriftene. Desse jobbar med kompetanse, HR/ personalspørsmål, logistikk og produksjon, HMS, og Forsking / innovasjon/ utvikling.

-Fagutvala er sjølve kjerna i mykje av vårt arbeid, seier Thormodsæter. -Her samlast fagfolk til erfaringsdeling og felles prosjekt, noko ein har hatt god nytte av i både oppgangs- og nedgangstider. No riggar vi oss for ytterligare styrking av utvala, og ser fram til gode fellesprosjekt i tida framover.

 

mafoss_rsm_te_val_av_tillitsvalde_25_mai_20.pdf
protokoll_fr_rsm_tet_i_mafoss_25_mai_202.pdf