Skriv ut
sands_mafoss_kp.jpg

Nytt webinar

Saman med vår samarbeidspartnar SANDS inviterer MAFOSS og ÅKP til gratis webinar for våre medlemer.
Webinaret vert arrangert onsdag 20. mai frå kl. 10.00 til kl. 10.45.

Tema for dette webinaret er Arbeidsgjevar si styringsrett.

 

Mange arbeidsgjevarar har permittert, omorganisert, og innført heimekontor eller andre tiltak for å handsame dei direkte følgene av koronasituasjonen. Slike tiltak er utslag av arbeidsgjevars rett og plikt til å styre og lede verksemda. Korleis kan arbeidsgjevar også framover nytte seg av styringsretten som verkemiddel for å tilpasse verksemda til endra behov? Kan medarbeidarar krevje å halde fram med heimekontor? Kva moglegheiter har arbeidsgjevar for å endre arbeidstidsordning for dei tilsette? Kva med ferieavvikling og endring av lønn og andre gode? Og korleis kan styringsretten nyttast ved ei eventuell nedbemanning?

Etter ei kort innleiing opnast det for live Q&A. Spørsmål og problemstillingar kan om ønskeleg sendast inn på førehand til maria.elena.kvalen@sands.no og vil då bli handsama anonymt.

Meld deg på webinaret under innan tysdag 19. mai kl. 16.00. Påmelde deltakarar får tilsendt ei lenke til webinaret før oppstart.

 
Les meir og meld deg på her.