Jets AS

Postb. 14
6060 HAREID
Tlf.: 70 03 91 00
Faks: 70 0391 01
E-mail: post@jets.no
Internett: www.jetsgroup.com
Jets Vacuum er einaste norske produsent av vakuumavløpssystem for skip. Bedrifta produserer også vakuumtoalett. Dette er miljø- og ressursvennlege toalett som reduserer vassforbruk og avfallsmengd med opp til 90%. Hovudprodukta er utvikla lokalt og sikra ved internasjonale patent. Marknadsorganisasjonen omfattar ca 25 agentar over heile verda. Verksemda har eiga avdeling i Korea. Frankrike, Italia, Tyskland og Korea er dei største marknadene. Jets Vacuum er etter kvart blitt ein stor leverandør også til cruiseflåten, og dei har m.a. levert avløpssystem til alle dei
6 siste hurtigruteskipa som er bygde. Verksemda har òg utvikla spesialløysingar eigna for yachtar og lystbåtar.
Bedrifta har dei siste åra utvikla og patentsøkt ein metode for å redusere støy ved spyling av vakuumtoalett, og utvikla nye patentsøkte løysingar for toalettøming og spyling. Ei luftdriven ventilstyring, VPC-controller, står sentralt i det nye konseptet.
Godt industrimiljø og gode samarbeidstilhøve i regionen vår har hatt mykje å seie for den positive utviklinga av bedrifta.