Furene AS

Furene industriområde
6100 Volda
Tlf. 70 07 48 50
Faks: 70 07 48 51
E-post: post@furene.no
Web: www.furene.no
Furene AS er ei av landets 110 attføringsbedrifter med hovudkontor i Furene i Volda kommune. I Furene AS styrkjer vi den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft.
Mekanisk avdeling ved Furene AS er underleverandør til maritim og annan lokal industri. Vi har i tillegg avdelingar som utfører ulike typar monterings- og profileringsarbeid for næringslivet i regionen.
I tillegg til dei tradisjonelle attføringstenestene tilbyr vi mellom anna fylgjande:
• Avklarings- og oppfølgingstenester til arbeidsgivar og arbeidstakar ved sjukemelding.
• Kartlegging av, og opplæring i basiskompetansane lesing, skriving og rekning.
• Migranorsk for framandspråklege med behov for å lære norsk medan ein er i arbeid.
• Furene AS er sertifisert testsenter for Datakortet
• NKI/NKS studiar