mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Foto: Ingeniør på innreiing, Marita Egset Bjerkvik, fekk i dag over eit nytt spennande cruiseprosjekt frå salsteamet i Ulstein Verft, her ved salssjef Trond Skodjevåg Bø og administrerande direktør Kristian Sætre.

Linblad vil ha meir

Linblad skal bygge meir hos Ulstein:
Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire.

MAFOSS gratulerer!! 

Lindblad bestiller nytt cruiseskip frå Ulstein

Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, ‘National Geographic Endurance’ skal leverast i første kvartal 2020.

- Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram: - Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei.

Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp.

- Det er svært spennande å kunngjere neste fase i vekststrategien vår, seier Sven Lindblad, som er president og konsernsjef i Lindblad, og held fram:  - ‘National Geographic Endurance’ byr på heilt unike reiseruter som følgje av eigenskapane til skipet. Fartøyet har blitt møtt med stor spenning både frå passasjerar som har reist med oss før, og frå dei som er nye for Lindblad-National Geographic, og vi er sikre på at systerskipet hennar vil bli møtt med den same entusiasmen i marknaden. Desse to skipa representerer eit heilt nytt nivå på yteevna innan ekspedisjonscruise, både når det gjeld komfort for passasjerane, når det gjeld kva regionar og ruter dei er i stand til å trafikkere, og evna til å kunne fungere som vitskapsplattformer i nokre av dei fjernaste og mest urørte delane av verda.

Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg. Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir.

-Vi er begeistra over å annonsere bygginga av dette spennande nye skipet, seier Nancy Schumacher, viseadministrerande direktør innan reiseaktivitetar i National Geographic Partners. - Dette er eit nytt eksempel på suksessen og den pågåande ekspansjonen i partnarskapen mellom National Geographic og Lindblad.

Om Lindblad Expeditions Holdings, Inc.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne ekspedisjonsmateriell.

Om Ulstein Group 

ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feira selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar.  Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®.

Om National Geographic Partners LLC

National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning.

https://ulstein.com/news/2019/lindblad-bestiller-nytt-cruiseskip-fra-ulstein

Open politisk debatt
Open politisk debatt
Kom og møt listetoppane i Møre og Romsdal til politisk debatt 24. august kl 1800 på Sjøborg i Ulsteinvik! 
Alle partia møter med sine listetoppar, og blir utfordra på kva dei vil gjere for næringane som er knytta til havet og mogleiheitene der.  Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein og NHO-leiar i Møre og Romsdal, Espen Remme, er med, og som publikum kan du stille spørsmål direkte til politikarane som vert grilla av debattleiar Arnfinn Ingjerd.
Rett etter arrangementet skal NRK Møre og Romsdal ha sending direkte frå Ulsteinvik med nyhende kl 1945. Arrangementet er gratis.

Vel møtt! Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Marknadsforum, Maritimt forum nordvest og MAFOSS.
12.08.21 14:47
Grøne løysingar på Ulstein
Grøne løysingar på Ulstein
ESVAGT og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
05.08.21 15:27
Takk til Oddvor!
Takk til Oddvor!
1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista!  Alt godt, Jan / MAFOSS
29.06.21 10:23
Endeleg flybuss!
Endeleg flybuss!
Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.
23.06.21 11:54
Siste nytt
Seminar med SANDS
Seminar med SANDS
Vi fortset med vårt gode samarbeid med Sands Advokatfirma og webinarserien
"Arbeidsforholdet fra A til O". Sett av morgonen 26. august til ei lærerik stund saman med oss.
Denne gang spør vi: "Driv du ulovleg innleige utan å vite om det?" Eit godt panel med folk både frå maritim næring og juridisk hald blir leia av programmoderator Elisabeth Solvang frå ÅKP.  Meld deg på her.
19.08.21 11:25
Open politisk debatt
Open politisk debatt
Kom og møt listetoppane i Møre og Romsdal til politisk debatt 24. august kl 1800 på Sjøborg i Ulsteinvik! 
Alle partia møter med sine listetoppar, og blir utfordra på kva dei vil gjere for næringane som er knytta til havet og mogleiheitene der.  Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein og NHO-leiar i Møre og Romsdal, Espen Remme, er med, og som publikum kan du stille spørsmål direkte til politikarane som vert grilla av debattleiar Arnfinn Ingjerd.
Rett etter arrangementet skal NRK Møre og Romsdal ha sending direkte frå Ulsteinvik med nyhende kl 1945. Arrangementet er gratis.

Vel møtt! Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Marknadsforum, Maritimt forum nordvest og MAFOSS.
12.08.21 14:47
Grøne løysingar på Ulstein
Grøne løysingar på Ulstein
ESVAGT og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
05.08.21 15:27
Takk til Oddvor!
Takk til Oddvor!
1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista!  Alt godt, Jan / MAFOSS
29.06.21 10:23
Endeleg flybuss!
Endeleg flybuss!
Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.
23.06.21 11:54
MAFOSS presenterer:
MAFOSS presenterer:
ROBINET AS / Ulsteinvik
14.06.21 14:14
Prosjektmedarbeidar
Prosjektmedarbeidar
Til prosjektet
«Kompetanseutvikling Sunnmøre» søker vi Prosjektmedarbeidar i 60% stilling MAFOSS (Maritim forening for søre Sunnmøre) vart etablert i 1969 for mellom anna å styrke den formelle kompetansen for skipsbyggarar. Opp under 40 medlemsbedrifter frå heile den maritime verdikjeda på Søre Sunnmøre held i dag MAFOSS engasjert i kompetanse- og kursarbeid, politisk arbeid for å styrke klynga sine rammevilkår, samt arbeid for å styrke infrastruktur gjennom samferdsel og gode løysingar til havs, på land og i lufta. Kompetanseutvikling Sunnmøre
Den maritime klynga er ei av dei største næringane i Møre og Romsdal, og har heile verda som marknadsplass for sine produkt. Endringane dei siste åra utfordrar oss på å sikre og vidareutvikle den unike kompetansen vi har slik at vi er godt rusta for oppturen som kjem.

For å samle kunnskap om kva vi har og kva vi treng, har vi etablert prosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre», der vi no søker etter ein prosjektmedarbeidar til første fase (forstudie) av prosjektet. Prosjektet ligg under MAFOSS, rapporterer til Dagleg leiar, og er leia av ei styringsgruppe samansett av toppleiarar frå næringa. Sentrale oppgåver i forstudiet:
- Avklare reelle kompetansebehova i bransjen ift kva type fagfolk ein vil trenge framover.
- Legge planar for korleis ein sikrar tilgang på grunnleggande kompetanse.
- Samarbeide med andre aktørar for å promotere vårt behov for diverse kompetanse.
- Analysere og kome med forslag til modellar for korleis formidling av eksisterande kompetanse kan gjerast smidigare og slik verte ein styrke for vår industri.
- Utarbeide prosjektplanar i nært samarbeid med styringsgruppe og leiar.
- Rapportere til styringsgruppe og leiar undervegs.
- Forstudiet vil også måtte finne utvida løysingar på finansiering, slik at ein legg eit godt grunnlag for hovudprosjektet.

Den vi ser etter:
- Du har utdanning på bachelor-nivå.
- Du har kunnskap frå personalbehandling, kompetansekartlegging og system rundt dette.
- Du har god kjennskap til bransjen, og har gjerne jobba i bransjen.
- Du set deg fort inn i nye styringsverktøy- og system.
- Du er ivrig på å søke løysingar.
- Du er sjølvgåande, strukturert og målbevisst.
- Du er sosial og god på formidling og sal.
- Du har gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:
- Utfordrande og sjølvstendig jobb med høve til utviding til full stilling i hovudprosjektet.
- Positivt og sosialt arbeidsmiljø.
- Meiningsfullt arbeid i ein bransje med framtidstru.
- Løn etter avtale. Søknadsfrist:
Snarast og seinast registrert innan 25. juni. Prosjektperiode:
Haust 2021- vinter 2022 for forstudiet/ forprosjektet, vinter 2022 til sommar 2023 for hovudprosjektet. Søknad vert å sende til:
MAFOSS, v/ Jan Thormodsæter
Stålhaugen 7, 6065 Ulsteinvik
post@mafoss.no

For spørsmål, kontakt:
Dagleg leiar i MAFOSS, Jan Thormodsæter. E-post: jan@mafoss.no eller tel 9246 7700.
Leiar i styringsgruppa, Gunvor Ulstein. E-post: gunvor.ulstein@ulstein.com eller tel 7000 8000.  
11.06.21 13:03
RV15 Stryn-Sjåk
RV15 Stryn-Sjåk
Transport- og kommunikasjonskomiteen har tatt med RV15 Strynefjellet med oppstartsmiddel i første del av planperioden for ny NTP. Behandlinga skjer i Stortinget mandag 14. og vi har stor tru på at dette blir landa då. 
09.06.21 11:02
Designkontrakt for Ulstein
Designkontrakt for Ulstein
Ulstein har inngått ein designavtale knytt til bygginga av eit ULSTEIN SX134-design ved Hanjin Heavy Industries & Construction Co., Ltd, Busan, Sør-Korea (Hanjin)  for Korea Institute of Geoscience and Mineral Resources (KIGAM).

MAFOSS gratulerer!
01.06.21 09:49
Årsmøtet 2021
Årsmøtet 2021
Årsmøtet i MAFOSS vart halde på Teams 29. april 2021.
Årsmelding, framlegging av rekneskap/balanse og val av styre vart gjennomført jfr vedtekter.

Vi takkar avtroppande leiar Oddvar Saunes og styre- og varamedlemer som no går av for god innsats for foreininga i ei utfordrande tid for bransjen og MAFOSS. Vi set pris på at medlemene framleis vil engasjere seg for MAFOSS, og vi trur soleis at foreininga framleis har ein viktig funksjon i klynga på søre luten.  Styret 2021-2022:
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda, valt for eitt år.
Margrete Heltne Hovde, Tussa 24, gjenvalt for eitt år.
Mads-Andre Værnes, GYK, gjenvalt for eitt år.
Jogeir Romestrand, Evotec, valt for to år.
Per Erik Dalen, ÅKP, gjenvalt for eitt år. Hallvard Pettersen vart valt som leiar, og Margrete Heltne Hovde vart valt som nestleiar. Vara til styret (alle for eitt år):
Jarle Gunnarstein, Larsnes mek.
Oddbjørn Følsvik, PE Bjørdal.
Iver Bjørnerem, Ulmatec Handling systems.
Ida Bigset Storaker, Myklebust verft.
Cathrine Kristiseter Marti, Ulstein group. Sjå elles vedlegg for oversikt over personar i fagutvala. For spørsmål: kontakt oss gjerne på post@mafoss.no 
30.04.21 11:51

gå til arkiv