mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Gudmor Rikke Eskjær og Olav Nakken, konserndirektør i Kleven verft As like etter dåp og overlevering av Mærsk Maker. Foto: Olav Thokle - Fotomaritim
Gudmor Rikke Eskjær og Olav Nakken, konserndirektør i Kleven verft As like etter dåp og overlevering av Mærsk Maker. Foto: Olav Thokle - Fotomaritim

Levering frå Kleven

Siste båt i serien er levert til Maersk 14. februar.

MAFOSS gratulerer med gjennomført serie på til saman seks skip.

No er heile Starfish-flåten komplett.
Mærsk Maker vart levert frå Kleven 14. februar 2019. Dette er den sjette og siste av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla M-serien utstyrt med ei rekkje nyvinningar, noko som har gitt dei eit godt rykte i den globale marknaden.
Mærsk Maker vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Rikke Eskjær som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, og spot-marknaden i Nordsjøen.

Uttale frå konsernsjefane
Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS, er godt nøgd både med prosjektet og samarbeidet som vi har hatt med Maersk: - Det er stor stas at vi no leverer frå oss det sjette søsterskipet i Starfishserien. Prosjektet har vore viktig både for Kleven og for alle underleverandørar som har vore involvert. Maersk er ein kvalitet- og sikkerheitsbevisst kunde som vi har lært mykje av, særleg i samband med HMS og igangsetting av maskinerisystem, seier Nakken og held fram: - No når Starfishflåten er komplett, tek vi eit farvel med Maersk for denne gang, og ønskjer dei velkomne tilbake!
- Heilt frå leveringstidspunktet har M-klasse-serien, nokon av dei nyaste fartøya som opererer i olje-service industrien, vist sine avanserte eigenskapar og store kapasitet. Fartøya leverer imponerande resultat innan ei rekke tenester, og vi har mottatt positiv tilbakemelding frå våre kundar over heile verda, seier konsernsjef Steen S. Karstensen, Maersk Supply Service.


Fakta om Mærsk Maker
Mærsk Maker er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Maker har isklasse, og er også klargjort for ROV-operasjonar og oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.

For meir informasjon, kontakt:
Olav Nakken, konserndirektør Kleven – mobil 916 30116

Om Kleven
Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar siden 2014. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida to hurtigruteskip under bygging. Det ligg også føre intensjonsavtale om bygging av eit tredje hurtigruteskip.

Siste nytt
Fin kontrakt til PE Bjørdal
Fin kontrakt til PE Bjørdal
Det er gledeleg å registrere at det landar gode kontraktar hos MAFOSS-medlemane. Les meir om kontrakten PE Bjørdal har landa for Tau Tech i Ålesund i saka under. VI gratulerer!  Les meir her.
19.01.22 09:00
Møt franske bedrifter
Møt franske bedrifter
Fredag 26. november kan du møte franske maritime bedrifter på Skaparhuset. GCE Blue Maritime, ÅKP og MAFOSS inviterer til mingling og informasjon. SJekk lenke og meld deg på i dag! #åkp #bluemaritimecluster #skaparhuset Les meir her.
19.11.21 14:40
"TidPrat" i Ulsteinvik
Invitasjon til samling på Skaparhuset
20.10.21 08:03
Seminar med SANDS
Seminar med SANDS
Vi fortset med vårt gode samarbeid med Sands Advokatfirma og webinarserien
"Arbeidsforholdet fra A til O". Sett av morgonen 26. august til ei lærerik stund saman med oss.
Denne gang spør vi: "Driv du ulovleg innleige utan å vite om det?" Eit godt panel med folk både frå maritim næring og juridisk hald blir leia av programmoderator Elisabeth Solvang frå ÅKP.  Meld deg på her.
19.08.21 11:25
Open politisk debatt
Open politisk debatt
Kom og møt listetoppane i Møre og Romsdal til politisk debatt 24. august kl 1800 på Sjøborg i Ulsteinvik! 
Alle partia møter med sine listetoppar, og blir utfordra på kva dei vil gjere for næringane som er knytta til havet og mogleiheitene der.  Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein og NHO-leiar i Møre og Romsdal, Espen Remme, er med, og som publikum kan du stille spørsmål direkte til politikarane som vert grilla av debattleiar Arnfinn Ingjerd.
Rett etter arrangementet skal NRK Møre og Romsdal ha sending direkte frå Ulsteinvik med nyhende kl 1945. Arrangementet er gratis.

Vel møtt! Arrangementet er eit samarbeid mellom Ulstein Marknadsforum, Maritimt forum nordvest og MAFOSS.
12.08.21 14:47
Grøne løysingar på Ulstein
Grøne løysingar på Ulstein
ESVAGT og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
05.08.21 15:27
Takk til Oddvor!
Takk til Oddvor!
1. juli blir marknadskoordinatoren i NAV søre Sunnmøre, Oddvor Follestad Hovden, pensjonist.
Oddvor har vore sentral for MAFOSS og våre medlemsbedrifter i alle år, med gode løysingar når utfordringane har kome. 

Spesielt vil vi nevne evna til å søke løysingar innan kurs og etterutdanning for permitterte, god dialog når vi har køyrt enkeltprosjekt, og vilje til å finne måtar å sikre framdrift og kompetanse i vid forstand.
Oddvor har også vore ein viktig brubyggar mellom bedriftene og enkelpersonar i NAV-systemet, og slik sikra god kontakt og oppfølging.

Vi takkar for godt og givande samarbeid, og ønsker lukke til med pensjonisttilværet, der vi forstår at pleiing av golfhandicap står høgt på lista!  Alt godt, Jan / MAFOSS
29.06.21 10:23
Endeleg flybuss!
Endeleg flybuss!
Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.
23.06.21 11:54
MAFOSS presenterer:
MAFOSS presenterer:
ROBINET AS / Ulsteinvik
14.06.21 14:14
Prosjektmedarbeidar
Prosjektmedarbeidar
Til prosjektet
«Kompetanseutvikling Sunnmøre» søker vi Prosjektmedarbeidar i 60% stilling MAFOSS (Maritim forening for søre Sunnmøre) vart etablert i 1969 for mellom anna å styrke den formelle kompetansen for skipsbyggarar. Opp under 40 medlemsbedrifter frå heile den maritime verdikjeda på Søre Sunnmøre held i dag MAFOSS engasjert i kompetanse- og kursarbeid, politisk arbeid for å styrke klynga sine rammevilkår, samt arbeid for å styrke infrastruktur gjennom samferdsel og gode løysingar til havs, på land og i lufta. Kompetanseutvikling Sunnmøre
Den maritime klynga er ei av dei største næringane i Møre og Romsdal, og har heile verda som marknadsplass for sine produkt. Endringane dei siste åra utfordrar oss på å sikre og vidareutvikle den unike kompetansen vi har slik at vi er godt rusta for oppturen som kjem.

For å samle kunnskap om kva vi har og kva vi treng, har vi etablert prosjektet «Kompetanseutvikling Sunnmøre», der vi no søker etter ein prosjektmedarbeidar til første fase (forstudie) av prosjektet. Prosjektet ligg under MAFOSS, rapporterer til Dagleg leiar, og er leia av ei styringsgruppe samansett av toppleiarar frå næringa. Sentrale oppgåver i forstudiet:
- Avklare reelle kompetansebehova i bransjen ift kva type fagfolk ein vil trenge framover.
- Legge planar for korleis ein sikrar tilgang på grunnleggande kompetanse.
- Samarbeide med andre aktørar for å promotere vårt behov for diverse kompetanse.
- Analysere og kome med forslag til modellar for korleis formidling av eksisterande kompetanse kan gjerast smidigare og slik verte ein styrke for vår industri.
- Utarbeide prosjektplanar i nært samarbeid med styringsgruppe og leiar.
- Rapportere til styringsgruppe og leiar undervegs.
- Forstudiet vil også måtte finne utvida løysingar på finansiering, slik at ein legg eit godt grunnlag for hovudprosjektet.

Den vi ser etter:
- Du har utdanning på bachelor-nivå.
- Du har kunnskap frå personalbehandling, kompetansekartlegging og system rundt dette.
- Du har god kjennskap til bransjen, og har gjerne jobba i bransjen.
- Du set deg fort inn i nye styringsverktøy- og system.
- Du er ivrig på å søke løysingar.
- Du er sjølvgåande, strukturert og målbevisst.
- Du er sosial og god på formidling og sal.
- Du har gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:
- Utfordrande og sjølvstendig jobb med høve til utviding til full stilling i hovudprosjektet.
- Positivt og sosialt arbeidsmiljø.
- Meiningsfullt arbeid i ein bransje med framtidstru.
- Løn etter avtale. Søknadsfrist:
Snarast og seinast registrert innan 25. juni. Prosjektperiode:
Haust 2021- vinter 2022 for forstudiet/ forprosjektet, vinter 2022 til sommar 2023 for hovudprosjektet. Søknad vert å sende til:
MAFOSS, v/ Jan Thormodsæter
Stålhaugen 7, 6065 Ulsteinvik
post@mafoss.no

For spørsmål, kontakt:
Dagleg leiar i MAFOSS, Jan Thormodsæter. E-post: jan@mafoss.no eller tel 9246 7700.
Leiar i styringsgruppa, Gunvor Ulstein. E-post: gunvor.ulstein@ulstein.com eller tel 7000 8000.  
11.06.21 13:03

gå til arkiv