mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Maritim Foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS)

Adresse:
Stålhaugen 7 
6065 Ulsteinvik 

E-post: post@mafoss.no  
Web: www.mafoss.no

Tel: 924 67 700 (Jan T. / Mobil)

jan_thormods_ter_ny_dagleg_leiar_i_mafoss.jpg

Jan Thormodsæter

Dagleg leiar
Jan er å treffe dagleg på Mafoss-kontoret.
Jan jobbar aktivt inn mot politiske miljø og sentrale organ for saker som berører bransjen i tillegg til samarbeid med andre organisajsonar om tiltak for å styrke innovasjon og utviklingsarbeid. Jan legg også til rette for felles kursverksemd innan tradisjonelle verkstadskurs samt tiltak for vidareutdanning og kursing innan leiing, tekniske fag og andre behov bransjen har. 

Mobil: 924 67 700

e-post: jan@mafoss.no 

acs.jpg

Ann Cesilie Skundberg

Prosjektleiar

Ann Cesilie er ansvarleg for integreringsprosjektet vi er engasjert i saman med NAV, Kommunene på søre, Møre og Romsdal Fylkeskommune og IMDIR. Ann Cesilie er linken mellom skule/ deltakar og bedriftene som har tatt inn kandidatar. 
Prosjektet er ei viktig satsing både for integrering og kompetansebygging i bedriftene.

Kontakt: acs@mafoss.no 

Siste nytt
Årsmøtet 2021
Årsmøtet 2021
Årsmøtet i MAFOSS vart halde på Teams 29. april 2021.
Årsmelding, framlegging av rekneskap/balanse og val av styre vart gjennomført jfr vedtekter.

Vi takkar avtroppande leiar Oddvar Saunes og styre- og varamedlemer som no går av for god innsats for foreininga i ei utfordrande tid for bransjen og MAFOSS. Vi set pris på at medlemene framleis vil engasjere seg for MAFOSS, og vi trur soleis at foreininga framleis har ein viktig funksjon i klynga på søre luten.  Styret 2021-2022:
Hallvard Pettersen, Brunvoll Volda, valt for eitt år.
Margrete Heltne Hovde, Tussa 24, gjenvalt for eitt år.
Mads-Andre Værnes, GYK, gjenvalt for eitt år.
Jogeir Romestrand, Evotec, valt for to år.
Per Erik Dalen, ÅKP, gjenvalt for eitt år. Hallvard Pettersen vart valt som leiar, og Margrete Heltne Hovde vart valt som nestleiar. Vara til styret (alle for eitt år):
Jarle Gunnarstein, Larsnes mek.
Oddbjørn Følsvik, PE Bjørdal.
Iver Bjørnerem, Ulmatec Handling systems.
Ida Bigset Storaker, Myklebust verft.
Cathrine Kristiseter Marti, Ulstein group. Sjå elles vedlegg for oversikt over personar i fagutvala. For spørsmål: kontakt oss gjerne på post@mafoss.no 
30.04.21 11:51
VALG 2021!
VALG 2021!
Invitasjon til næringslivet sine val-arrangement i Møre og Romsdal

26.04.21 12:39
MAFOSS presenterer:
MAFOSS presenterer:
SHOK Partner AS     

I dag presenterer vi SHOK-partner, som vart MAFOSS-medlem i 2020.
25.03.21 08:22
Giganten
Giganten
Ulstein verft er snart klare med Nexans sin kabelleggar, og no er det sluttspurt før prøveturar og testing. 

Les meir om dette flotte prosjektet på Vikebladet sine sider.
23.03.21 13:27
MAFOSS presenterer:
MAFOSS presenterer:
KACE AS
08.03.21 12:44
Webinar 1. mars
Webinar 1. mars
Kapitalmarknader og finansiering
mot maritim næring -med fokus på det grøne skiftet
16.02.21 08:32
Trafikkstasjon i Ørsta
Trafikkstasjon i Ørsta
Nettverk for samferdsel, Sunnmøre er ei gruppe samansett av leiarane i næringslag- og foreiningar i Sande, Volda, Ørsta, Herøy, Hareid, Vanylven, Ulstein, Haram og Ålesund i tillegg til representasjon frå Gode vegar, Maritimt forum Nordvest og MAFOSS. Gruppa er uroa over innspela til nedlegging av Trafikkstasjonen i Ørsta, og har i dag sendt melding til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Les meir under.
18.01.21 12:28
Flytting av GIEK
Flytting av GIEK
MAFOSS om plassering av nye GIEK:
MAFOSS ser at det vert meldt at byråkratane i GIEK sjølve skal avgjere kor dei vil ha hovedkontoret sitt når GIEK og Eksportkreditt vert samanslått.
Dette meiner MAFOSS blir heilt feil og bak mål i forhold til kor brukarane av tenestene er plasserte. Hovedbruken av dette systemet ligg i bedriftene langs kysten som pr i dag er dei store verdiskaparane i AS Norge. Arbeide nær brukarane
-Det seier seg sjølv at det nye GIEK/ Eksportkreditt ikkje kan leggast til Oslo, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
 -Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i Operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire. Store verdiskaparar
Bedrifter i Møre og Romsdal er dei største brukarane av ordningane pr i dag, med bedrifter i Vestland og Viken på andre og tredje.
-Det er for oss difor opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund, seier han. Politikken
Fleire politikarar har kome på bana den siste tida, og MAFOSS håper dette blir stoppa av opposisjonen sidan Regjeringa har vore unnfallande i saka. MAFOSS trur at Senterpartiet og Arbeiderpartiet saman med FrP vil kunne gjere mykje for utfallet av denne saka.  -Her må Regjeringa ha ei klarare mening, og vi ber Næringsminister Iselin Nybø om å steppe opp. Dette kan ikkje bli overlatt til byråkratene, seier Thormodsæter.  
08.01.21 12:54
Jobb i Skaparhuset?
Jobb i Skaparhuset?
Sjekk saka og søk i dag! Frist: 8. januar.
05.01.21 08:22
Ned med prisen!
Ned med prisen!
MAFOSS og "Nertverk for samferdsel, Sunnmøre" meiner at pris på AutoPass må bli lågare. Dette både av omsyn til privatbilistar og for transportørar som leverer til våre medlemmer på Sunnmøre.  Meir i saka her.
04.12.20 12:40

gå til arkiv

gå til arkiv