Skriv ut
blue-king_cr_ulstein.jpg

Sverre Farstad seglar igjen

Sverre Farstad & Co tek over Ulstein sin Blue King og startar opp att med rederi.

- Vi er svært glade for at denne avtalen no er på plass og vi ser fram til at skipet kjem i drift igjen. Det nye reiarlaget er eit er spanande tilskot til den maritime klynga i regionen og vi ønskjer dei lykke til framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. 

Skipet er av designtypen PX 121 frå Ulstein Design & Solutions og det vart levert frå Ulstein Verft i mai 2016. Ulstein har til saman levert 30 design- og utstyrspakkar til typen PX121 til ulike reiarlag, 10 av fartøya er bygde ved Ulstein Verft. 


Det er svært gledeleg at denne avtalen er gjort, og MAFOSS gratulerer og ønsker lukke til for Farstad & Co.