mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Maritim forening for søre Sunnmøre (Mafoss) samlar inn og brukar personopplysningar om deg.

Nettstaden sin eigar og kontaktopplysningar
Namn: Maritim forening for søre Sunnmøre
Org. nr.: 971 370 092
E-post: post@mafoss.no
Telefonnummer: +47 924 67 7000

Mafoss beskyttar ditt personvern i følgje gjeldande lover og reglar og er behandlingsansvarleg av dine personopplysningar. Her kan du lese meir om korleis vi samlar inn og nyttar informasjon om våre brukarar, og korleis vi beskyttar brukarane sitt personvern. Du har rett til innsyn i eigne opplysningar.

Mafoss sel ikkje personopplysningar til tredjepart, og byter eller videreformidlar heller ikkje denne informasjonen med tredjepart.

Utanforståande kan kun få innsyn i denne informasjonen dersom dei skal gjennomføre bestemte tenester for oss. Ved påmelding av nyheitsbrev og kurs samlast det inn informasjon for å kunne nå deg. Desse opplysningane blir ikkje delt med andre.

Kva er ein «cookie»?
Ein «cookie», eller informasjonskapsel, er ei lita datafil som plasserast i nettlesaren din for å kunne halde oversikt over kva som skjer under ditt besøk og for å kunne gjenkjenne datamaskina. Dette er informasjon som er nødvendig for brukaropplevinga på nettsida. Ein «cookie» er ikkje eit program og inneheld ikkje virus. Du kan lese meir om «cookies» og korleis du kan blokkere dei her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/

Nettstaden sin bruk av «cookies»
Ved å nytte denne nettstaden – mafoss.no - samtykker du i at det blir sett «cookies» i nettlesaren din – i og med at dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer «cookies». Denne informasjonen kan på ingen måte sporast tilbake til ein enkeltperson.

Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av «cookies», kan du gå inn og trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren din. Vi gjer deg imidlertid merksam på at dette kan medføre at tenestene på våre nettsider ikkje fungerer optimalt.

Mafoss nyttar «cookies» for å analysere mønster i bruken og drive nødvendige funksjonar på nettsida. Funksjonar som er avhengige av «cookies» for å virke kan til dømes vere å hugse at du er innlogga, kva du har lagt i ei handlekorg eller om du er ein eksisterande eller ny brukar av nettstaden.

Data som samlast inn nyttast til å forbedre nettstaden sin funksjonalitet og brukarvennlegheit basert på brukarane sine behov og interesser. Data blir som hovudregel ikkje delt med tredjepart. Unntak frå dette kan vere ved at Mafoss får bistand av løysningsleverandørar med nødvendig teknisk og fagleg bistand, for å sikre optimal drift av nettstaden.

Siste nytt
Nye bussruter Vigra
Nye bussruter Vigra
Busstidene endra på Vigra frå 10. februar.
Last ned rute her.
12.02.20 20:55
Årets første Julebord!
Årets første Julebord!
Årets første nettverksamling for MAFOSS i 2020 blir 6. mars hos Kongsberg CM i Ulsteinvik.Velkomen til eit møte med gode kolleger, nye bekjentskap, god mat og gode tema.
Vi møtest hos Kongsberg CM i Ulsteinvik, fredag 6. mars frå 1530 til ca 19/1930.
Då rekk du både jobb, mingling på Årets Første, og heim att til gullrekka!

Tema for Årets Julebord går på perspektiva for dei neste 10 åra,
og vi er spente på planar og utfordringar som blir presenterte for oss her.

Det går også rykter om gode historier og skrøner under middagen,
og vi lovar å gjere vårt beste for at du skal trivast. Det er begrensa antal plassar, så meld deg på i dag ved å nytte skjema på denne sida. Påmelding er bindande.


Velkomen! 
04.02.20 13:17
Samling om samferdsel
Samling om samferdsel
Mandag 20. januar samla MAFOSS dei større aktørane og kommunene på søre luten til møte med leiar for Transport - og kommunikasjonskomiteen på Stortinget; Helge Orten. Med på møtet var også leiar i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal; Kristin Sørheim.  MAFOSS meiner møtet var avklarande og tydeleg, og vi fyl spent med på korleis signala frå bransjane som var representerte blir tatt vidare politisk.  Les meir om samlinga her, her og her. Utgangspunktet for møtet var kronikk frå MAFOSS som var i media forrige veke. Den kan du lese her eller her. 
21.01.20 10:42
Terje takkar for seg
Terje takkar for seg
Etter snart 12 år i MAFOSS blir Terje Høybakk pensjonist 1 mars. Med litt ferie til gode vart det kake, takk og helsingar frå dei andre på kontoret. Styret og styreleiar Oddvar saunes takka Terje for innsatsen og ønska han lukke til som pensjonist. Terje kjenner nettverka i bransjen godt, og vil vere tilgjengeleg for enkeltprosjekt framover ved behov og ledig kapasitet.  Takk for innsatsen, og lukke til, Terje! 
17.01.20 16:28
MAFOSS meiner
MAFOSS meiner
Takstnivået på fergene er all time high. Når smell det? Sjå kronikk frå MAFOSS i vedlegget.
17.01.20 10:44
Er du trygg på nett?
Er du trygg på nett?
Tussa IKT arrangerer frukostkurs i sikkerheit 29. januar 2020.
Sjekk detaljane i linken under og meld deg på.
Er du sikker på at du har alt på stell?
Meld deg på likevel, og fortel andre om dine erfaringar! Påmelding her.
15.01.20 09:31
Kurs i prosjektleiing
Kurs i prosjektleiing
I samband med NTNU i Ålesund vert det sett opp kurs i prosjektleiing i vinter. Det er lagt opp til to samlingar for dette basiskurset: Første samling:
11.-12. februar
Andre Samling:
3. - 5. mars Sjå vedlegg for informasjon, og meld deg på kurset ved å sende mail til maritime@ocean-training.no  (Merk at linken med e-postadresse i brosjyra er feil.)
06.01.20 08:34
Busstilbod på søre luten
Busstilbod på søre luten
MAFOSS-medlem West Auto AS har lang fartstid for verksemdene på søre luten. Dei tilbyr no gunstige bussleigeavtalar for våre medlemmer frå mindre til store grupper på til dømes transport til og frå flyplassane.  
Ta direkte kontakt med WestAuto/ WestCoat for meir informasjon og pristilbod.
03.01.20 11:37
Flybuss VIGRA frå 2020
Flybuss VIGRA frå 2020
Ny aktør med MAFOSS-prisar! Nytt flybusstilbod med spesialpris mellom Vigra – Valderøy hurtigbåtkai. Med oppstart 01.01.20 vert det slutt på gjennomgåande billettering til/frå Hareid til Vigra med båt og flybuss. Dette er bestemt av samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, noko MAFOSS stiller seg undrande til. Ein må frå nyttår difor kjøpe billett på båt mellom Hareid og Valderøy og ny billett med buss til og frå Ålesund lufthavn.
Ny og spanande aktør
Ein ny aktør på busstransporten blir Ålesund Turvogn Service AS, som har rutenummer FB61 i begge retningar. Ruteprogrammet er i oppstarten om lag tilsvarande gjeldande rutetilbod frå Fram.

Spesialpris
MAFOSS har gjennom avtale med operatør fått avtale om oppstartpris på bussbillett på 60,- for vaksne, og 30,- for barn/honnør. NB! Dette er ein introduksjonspris, og for å behalde prisen er ein  avhengig av at flest mogleg nytter tilbodet. Billettkjøp før reisa
Billett kan du kjøpe før du reiser - med VIPPS.
Søk opp kode «FB1», og kjøp så mange billettar du har behov for på den strekninga du skal reise.
Alternativ er VIPPS-nummer 587714. NB! Dette gjer du same dag som du skal reise. Forsinka siste fly til Vigra – ekstra busstilbod
Når fly som er oppsett til å lande før klokka 23.00 er forsinka vil det bli satt opp buss til fergekaia på Sulesund. Pris per voksen er då 160,- og 80,- for barn/ honnør. MAFOSS og Ålesund Turvogn Service AS vil også sjå på om det kan vere behov for buss laurdag og søndag morgon frå Sulesund til dei tidlege flyavgangane. Dette kjem MAFOSS tilbake til med spørjeundersøking til sine medlemmer.

Oversikt over oppdaterte ruter finn du på www.entur.no og www.turvogna.no. Vi ønsker god jul! For kontakt og spørsmål: Arild Røder, Ålesund Turvogn Service AS, tel 92 22 42 92 Jan Thormodsæter, MAFOSS, 924 67 700
23.12.19 13:45
MAFOSS meiner
MAFOSS meiner
TAF-linja ved Ulstein vgs er vedtatt nedlagt -kva blir konsekvensane? 
AutoPassFerje er vedtatt innført - noko som fordyrer alt i vår region.  I dag er vi skuffa over vedtaka som er gjort på fylkestinget i Møre og Romsdal.

Vi hadde i det lengste trudd at ein både ville samlast om å bevare det ein har av utdanningstilbod som den verdiskapande industrien verkeleg treng, og at ein ikkje ville gjere konkurransesituasjonen enno verre ved å fordyre reise -og transportutgiftene vi har. Vedtaket er skuffande av mange grunnar, og vi er svært spente på kva konsekvensar dette får på lang sikt. Tilgangen på kompetente medarbeidarar i alle ledd er stadig utfordra, og våre politikarar gjer det ikkje lett ved å gjere slike vedtak. Vi stiller spørsmål med om grunnlaga for desse vurderingane er kvalitetssikra godt nok, og vi lurer på kva logikken bak enkelte vedtak, til dømes TAF-avviklinga på søre, er basert på. I dag er vi skuffa, men vi har alt bretta opp ermane for omkamp. Ikkje ring oss, vi ringer deg... MAFOSS, JT, 10. des 2019
10.12.19 16:18

gå til arkiv

gå til arkiv