
MAFOSS om TAF/ YSK
MAFOSS meiner:
Det er for tida diskutert på fylkesplan om ein bør få starta opp att YSK/ TAF-tilbodet. MAFOSS har dette som ein del av sitt strategiarbeid, for dette tilbodet har vore svært viktig for fleire av våre medlemsbedrifter.
LIkevel ser vi at tidene er svært utfordrande, og vi ber difor om at ein avventar litt i denne omgang. Vårt forslag er at ein heller jobbar for å hjelpe den maritime næringa gjennom krisa først, så kan vi sjå på dette tilbodet ila neste år. Vi håper at det er realitisk å starte YSK igjen på søre frå skuleåret 2022/23.

Ned med prisen!
MAFOSS og "Nertverk for samferdsel, Sunnmøre" meiner at pris på AutoPass må bli lågare. Dette både av omsyn til privatbilistar og for transportørar som leverer til våre medlemmer på Sunnmøre.

Jobb i Skaparhuset?

Flytting av GIEK
MAFOSS om plassering av nye GIEK:
MAFOSS ser at det vert meldt at byråkratane i GIEK sjølve skal avgjere kor dei vil ha hovedkontoret sitt når GIEK og Eksportkreditt vert samanslått.
Dette meiner MAFOSS blir heilt feil og bak mål i forhold til kor brukarane av tenestene er plasserte. Hovedbruken av dette systemet ligg i bedriftene langs kysten som pr i dag er dei store verdiskaparane i AS Norge.
Arbeide nær brukarane
-Det seier seg sjølv at det nye GIEK/ Eksportkreditt ikkje kan leggast til Oslo, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.
-Det blir som å la Vassendgutane bestemme låtvalget i Operaen. Sikkert gøy for nokre, men ei absolutt katastrofe for fleire.
Store verdiskaparar
Bedrifter i Møre og Romsdal er dei største brukarane av ordningane pr i dag, med bedrifter i Vestland og Viken på andre og tredje.
-Det er for oss difor opplagt at dette må leggast til kysten, fortrinnsvis Ålesund, seier han.
Politikken
Fleire politikarar har kome på bana den siste tida, og MAFOSS håper dette blir stoppa av opposisjonen sidan Regjeringa har vore unnfallande i saka. MAFOSS trur at Senterpartiet og Arbeiderpartiet saman med FrP vil kunne gjere mykje for utfallet av denne saka.
-Her må Regjeringa ha ei klarare mening, og vi ber Næringsminister Iselin Nybø om å steppe opp. Dette kan ikkje bli overlatt til byråkratene, seier Thormodsæter.

Samferdselskonferansen 2020
Samferdselskonferansen 2020 vart ein suksess med fullteikna hus på Hotel Alexandra i Loen.
Takk til alle som stilte opp og gjorde arrangementet til ei svært god samling rundt utfordringar og løysingar for RV15 (Strynefjellet og arm til Geiranger) og E39 (Byrkjelo-Grodås).
Skulle du ha spørsmål kan du sende e-post til arrangørane sin kontaktperson for konferansen:
Svein Sunde på sveinsunde@godevegar.no

Presentasjonar frå Loen 2020
Her finn du presentasjonane frå Samferdselskonferansen i Loen tirsdag 8. september og onsdag 9. september.
TIrsdag 8.september:
Onsdag 9. september: